Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fem gonger meir radioaktivitet i villrein på grunn av sopp

Konsentrasjonen av radioaktivt cesium i villrein auka kraftig i 2018. Den varme sommaren i fjor gav ei enorm blomstring av sopp, som tar opp i seg stoffet.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

– Verdiane frå i fjor understrekar at det framleis er viktig å overvake nivåa av cesium-137 i villreinkjøtt, seier forskar Duncan Halley i Norsk institutt for naturforsking (NINA).

I Snøhetta og Rondane Nord ligg nivåa over fem gonger høgare i gjennomsnitt i 2018 samanlikna med 2017. I alle andre område var auken 1,6 gonger eller høgare, kjem fram det av forskingsrapporten frå NINA.

Annonse

Tilgangen på sopp er den mest sannsynlege forklaringa på resultata frå 2018. Med varme julidagar og passeleg med regn i august auka veksten i fjor.

– Dei store variasjonane mellom år i nivåa av cesium-137 kjem først og fremst av at tilgangen på ulike beiteplanter blir endra frå år til år, og at plantane har ulik tilhug til å ta opp cesium-137 frå jordsmonnet, seier Halley.

Alle kjøttprøvane frå i fjor var under den nasjonale grenseverdien for omsetning av reinsdyrkjøtt på 3.000 becquerel per kilo. Mengda radioaktivitet i ei strålekjelde blir målt i becquerel (Bq).

Neste artikkel

Se Miljødirektoratets video av ulveflyttingen