Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellingsløyve på ulv i Hedmark og Oppland

Det er gitt skadefellingsløyve på ulv i Sør-Aurdal kommune i Oppland fylke, og fellingsløyve av ulv i Nord-Østerdal i Hedmark fylke er forlenga.

Illustrasjonsbilete. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix
Illustrasjonsbilete. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Fylkesmannen i Innlandet gav løyve til skadefelling av ulv i Oppland den 20. juli, etter observasjon av ulv ved Drengsprengen i Sør-Aurdal.

– Det har det vore fleire observasjonar av ulv i laupet av sesongen mai til og med juli, og det har vore observasjonar tidlegare i Sør-Aurdal, seier Rannveig Helgesen, seniorrådgivar ved Fylkesmannen i Innlandet til Nationen.

Det er gitt skadefellingsløyve frå 20. juli og til og med 29. juli. Løyvet gjeld for deler av Sør-Aurdal, Etnedal og Nordre Land kommunar i Oppland, og den er avgrensa av E16 og riksveg 33.

– Det som utløyste løyve var den siste observasjonen den 19. juli ved Drengsprengen, på grensa mellom Sør-Aurdal og Nordre Land, seier Helgesen.

Vilkåra for felling vil gå fram av vedtaksbrev som blir lagt ut måndag.

Forlenga løyve i Hedmark

Annonse

Den 5. juli vart fellingsløyve på ulv sett i verk i Nord-Østerdalen i Hedmark fylke, i delar av Alvdal, Tynset, Tolga, Rendalen og Engerdal kommunar.

Dette var på bakgrunn i to dokumenterte ulveskadar i Gammeldalen i Tynset, der det i det eine tilfellet vart drepen ein sau, og i det andre tilfellet vart ein sau skadd og avliva. I Rovbase vart det i dei etterfølgande dagane dokumentert ytterlegare fire sau tapt til ulv i Rendalen kommune, der den siste sauen vart funne den 8. juli.

Fylkesmannen i Innlandet utvida fellingsperioden den 11. juli til å vare til den 23. juli, og samstundes vart den økonomiske ramma utvida med 50 000 kroner.

I samråd med fellingsleiar vart det også gjort det også endringar i avgrensing av fellingsområdet i Hedmark. Det er avgrensa til Tynset kommune sør for fylkesveg 681 og aust for fylkesveg 30, Tolga kommune sør for fylkesveg 681 og vest for fylkesveg 26, Engerdal kommune vest for fylkesveg 26 og fylkesveg 217, og Rendalen kommune nord for fylkesveg 217 og aust for fylkesveg 30.

Neste artikkel

Bondelaget: – Samfunnet er ikke tjent med at vi skal diskutere ulvepolitikk i rettssalen