Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellingsløyve av bjørn i fleire fylke

Skadefellingsløyve av bjørn er gitt i Nordland, Finnmark, og Trøndelag.

Illustrasjonsbilete. Foto: Per Harald Olsen/NTNU
Illustrasjonsbilete. Foto: Per Harald Olsen/NTNU

Skadefellingsløyvet i Nordland fylke er gitt for felling av ein bjørn i Kappskardet i Grane kommune. Bakgrunnen er at det nyleg har blitt funne drepen sau, og at det er konstatert at det er bjørn som står bak tilfellet.

I 2018 vart det påvist ei rekke drepne sauar i nærliggande område, og det er mange sauar på beite i denne delen av Grane, står det i fellingsløyvet ferda ut av Fylkesmannen i Nordland.

Det står vidare at det er ferskt kadaver og ferske spor som gjer at forholda ligg til rette for skadefelling av ein brunbjørn i eit nærmare avgrensa område i Grane kommune, med utgangspunkt i kadaverfunnet i Kappskardet.

Løyvet gjeld i tidsrommet 16. juli til og med den 23. juli.

Eitt fellingsløyve i Finnmark

Fylkesmannen i Troms og Finnmark har gitt skadefellingsløyve av ein bjørn i Neiden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Dette etter at det også var gitt løyve til skadefelling på Skogerøya i Sør-Varanger kommune tidlegare.

Fellingsløyvet til felling av bjørn i Neiden kjem etter at Fylkesmannen fekk melding om at sauebønder hadde funne fire sauekadaver i beiteområdet sitt i Sør-Varanger kommune. Det var også fleire dyr som var skadde i området, Statens naturoppsyn (SNO) vurderte at skadane var forårsaka av bjørn.

I løyvet står det at erfaring frå tidlegare skadesituasjonar forårsaka av bjørn i Neiden viser at omfanget av skadar kan bli stort, og at det i 2015 blei dokumentert 19 sau drepne av bjørn, over ein periode på om lag 6 veker. Vidare står det at framtidig skadepotensial er vurdert som stort, då det er mykje sau på beite i store og vanskeleg tilgjengelege utmarksområdet.

Annonse

Skadefellingsløyvet gjeld frå og med 19. juli til og med 27. juli, er knytt til skadegjerande bjørn, og bjørnebinne med ungar, og binnene sine ungar er unntatt fellingsløyvet.

Uttak av ein bjørn i området er vurdert til å ikkje ha vesentleg negativ effekt på bjørnebestanden i Finnmark.

Nok eitt fellingsløyve i Trøndelag

I Selbu i Trøndelag vart ein bjørn skoten den torsdag 18. juli, og det er i ettertid gitt eit løyve for å felle nok ein bjørn.

Det gjeldande skadefellingsløyvet er gitt av Fylkesmannnen i Trøndelag for delar av Selbu, Midtre Gauldal, Holtålen, og Tydal kommunar i Trøndelag fylke. Fellingsløyvet varer fram frå 19. juli til og med 26. juli, eller til det eventuelt er felt bjørn.

Bakgrunnen for løyvet er at det vart funne sau som var antatt drepne av bjørn i Selbu kommune. I løyvet står det at ein "pågåande skadesituasjon med dokumentert kadaverfunn, tapshistorikk knytt til bjørn i området, det at området ligg utanfor forvaltningsområdet for bjørn og at beitedyr skal ha prioritet" leggast til grunn for avgjersla.

Området for fellingsløyvet er avgrensa av Nea/Selbusjøen i nord og aust, Selbu si kommunegrense til Rensfjellet, deretter Midtre Gauldal si kommunegrense til Samsjøveien og deretter langs Samsjøveien til Singsås. Derifrå langs Gaula til Ålen sentrum og deretter langs Riastvegen til Tydalen.

Binne med ungar og bjørneungane deira er unntatt frå fellingsløyvet.

Neste artikkel

Fransk beiterådgiver foreslår å skyte ulver for å lære dem å holde seg unna sauen