Annonse
Rune Berg (Sp) ordførar i Saltdal kommune i Nordland og Marlen Rendall Berg (Sp) , ordførar i Fauske kommune i Nordland diskuterer utfordringane med å vere på Robek-lista. Foto: Janne Grete Aspen
Rune Berg (Sp) ordførar i Saltdal kommune i Nordland og Marlen Rendall Berg (Sp) , ordførar i Fauske kommune i Nordland diskuterer utfordringane med å vere på Robek-lista. Foto: Janne Grete Aspen

Fauske og Saltdal kjempar for fleire innbyggjarar og kontroll på økonomien

Folk er pengar i Kommune-Noreg. For å få folk må det vere arbeid. I Saltdal har dei akkurat fått kontroll over økonomien igjen, i Fauske har dei mista kontrollen.

Det er veka Statistisk sentralbyrå la fram folketalsstatistikken for andre kvartal 2020. Folk er pengar i Kommune-Noreg. Fauske kommune i Nordland gjekk 31 i minus andre kvartal, og ordførar Marlen Rendall Berg (Sp) kan bokføre 9 684 innbyggjarar.

I Saltdal, nabokommune litt lenger sør langs E6, viser tabellen 4669 innbyggjarar, tre fleire enn kvartalet før.

Første halvår av 2020 inneber også andre endringar for dei to kommunane. I januar fekk hamna Fauske på Robek-lista. Saltdal kunne starte året utanom lista, etter fem år på.

Under administrasjon

Litt lettvint blir det sagt at ein kommune på Robek-lista er under administrasjon. Fylkesmannen må godkjenne låneopptak, og skal ha kontroll med budsjettvedtak i kommunestyret og økonomiplanen. Nett no er det 12 kommunar i Robek.

Rune Berg (Sp) er ordførar i Saltdal på andre perioden. Han fortel at årsaka til at kommunen hamna på Robek var ganske enkel. Forbruket var større enn lommeboka.

– Men det tok lengre tid å kome oss ut av lista enn vi trudde det skulle gjere, seier han.

Fem år tok det kommunen. Og dei var i utgangspunktet bra stilt til Robek-kommune å vere, sidan dei hadde låg lånegjeld.

Det er ikkje tilfelle for Fauske. Dei har skyhøg lånegjeld per innbyggjar, og fekk ikkje lenger rekneskapen til å gå opp.

Samfunnsnytte

Saltdalsordføraren fortel at plass på Robek ikkje treng bety full stopp i alle investeringar. Kommunen fekk mellom anna fylkets godkjenning til å byggje kai som kan ta imot båtane som hentar kablar produsert av Nexans, hjørnesteinsbedrifta med 240 tilsette.

Berg seier dei er svært glade for at dei fekk på plass kaia, som fabrikken no leiger av kommunen.

– Samfunnsnyttige ting kan ein få ta opp lån til, seier han.

Eit nytt bårehus har dei også fått på plass dei siste åra.

Til val på å rydde opp i økonomien

Rendall Berg seier dei visste at økonomien var elendig i kommunen. Det største valløftet var å få rydda opp i økonomien.

– Det er litt spesielt. Fauske har drive på knivseggen i mange år, og vore på Robek fire gonger.

"Eg føler at det er ei bevegelse i samfunnet i retning bygda, men det kan jo hende det berre er mitt Sp-hovud som vil sjå det slik."

Rune Berg, ordførar i Saltdal

– Driftsutgiftene våre er for høge. Vi har hatt ambisjonar om å levere gode tenester. Når folk har vand seg til eit tenestenivå, er det vanskeleg å redusere. Men driftsutgiftene må ned, seier ho.

– Men, på Robek mistar ein handlingsrommet, vi får kanskje ikkje ordna opp så smidig som vi elles kunne gjort.

Deler same draumen

Bak folketalsstatistikken skjuler det seg både fråflytting og tilflytting, og ikkje minst at det blir fødd færre ungar enn før.

– Eg føler at det er ei bevegelse i samfunnet i retning bygda, men det kan jo hende det berre er mitt Sp-hovud som vil sjå det slik.

Men dei er klare over at dei ikkje er åleine i å kjempe for å behalde innbyggjarane, og drøyme om vekst.

– Utviklinga er lik i heile landsdelen, det går nedover. Det er ei utfordring vi berre må ta, seier Rune Berg

– Vi er ikkje flinke nok i arbeidet med å få folk. Vi må bli flinkare til å marknadsføre oss. Vi må vere meir på hogget.

Begge ordførarane ser på kommunen som sentral i næringsutviklinga, og både Fauske og Saltdal har kommunale næringsselskap.

Tog til arbeidspendling

Framtida handlar om arbeidsplassar, arbeidsplassar og arbeidsplassar.

– Vi må tenkje på folk som bur i aksen Saltdal, Fauske, Bodø, seier dei nesten i kor.

Første utfordringa no er å endre rutene til lokaltoget, slik at dei kan bli eit betre tilbod til dei som pendlar til arbeid.

"Vi må kome dit at vi har pengar å sette i fond kvart år. Berre slik får vi ein buffer som kan ta svingingane, slik at vi slepp å endre på tenestetilbodet frå år til år."

Marlen Rendall Berg, ordførar i Fauske

– Når toget kjem til Fauske klokka halv ni og til Saltdal klokka ni, er det for seint for dei som jobbar på fabrikkane.

Annonse

Men tilbake til Robek-lista.

– Å vere i Robek betyr ikkje at alt er øydelagt. Vi har brukt dei åra til å tenke og lage strategiar, seier Saltdals-ordføraren.

Han seier han innser at Saltdal framleis har eit for høgt driftsnivå, samanlikna med tilsvarande kommunar.

– KS sa ein gong av Saltdal køyrer Rolls-Royce i omsorg. Det ligg i ryggmergen vår.

Så kom koronapandemien og har medført auka kostnader i både helse- og omsorg og skular og barnehagar.

– No eit vi ikkje kor vi hamnar økonomisk, til slutt.

Ap har mista makta

Både i Saltdal og Fauske har Arbeidarpartiet tradisjonelt vore sterke. Slik er det ikkje lenger.

I Saltdal er det for andre periode på rad vore Sp-ordførar. På Fauske har Sp gått frå ingen representantar i kommunestyret dei siste åtte åra, til ordføraren no. Den posten tok dei over etter ei bygdeliste.

– Slike svingingar i politikken gjer det uføreseieleg. Det blir vanskeleg å tenke langsiktig. Rune seier det er viktig å leggje strategiar for lang tid framover, og eg ser for meg at vi må tenkje både fire og fem valperiodar framover.

Draumen er å få politisk semje rundt planar og vedtak.

Fauske-ordføraren beskriv dei sist periodane som at det er lagt strategiar, men så har dei blitt gjort om på i neste valperiode. Den heimebaserte omsorga har blitt bygd opp for å redusere behovet for institusjonsplassar. Så valde man i neste valperiode å byggje fleire institusjonsplassar.

Skulane vart rusta opp med lånte pengar for å samle drifta og få ned driftsutgiftene, en og få ned driftsutgiftene, men så vart planane for kutt som var ein føresetnad for opprustinga gjort om på, og dermed vart omstillinga og innsparinga forseinka.

Både i Fauske og Saltdal sa folket nei til samanslåing av kommunane. Men ordførarane ser for seg at kommunane i regionen kan auke samarbeidet over kommunegrensene.

– Vi samarbeider mykje alt i dag, men kan ta samarbeide mykje lenger, seier ordføraren i Saltdal.

Kollegaen frå Fauske ser for seg meir teamjobbing mellom kommunane.

– Gjennom regionrådet har vi arbeidd med veg. Som alle vil tene på. Alle vil nyte godt av digitalisering i kommunane. Men vi bør finne verktøy som er like i alle kommunane.

– Det er eit kjempeproblem at vi har forskjellige system, anten det er løn, kart eller anna, seier ho.

Dei meiner også at dei har kome dårleg ut i endringane i dei statlege overføringane.

– Vi får ikkje dekt løns- og prisveksten, eingong, seier Fauske-ordføraren.

Vekstkommunar blir prioritert i overføringane. Korkje Saltdal eller Fauske blir definert som vekstkommunar.

– Dei som alt er størst og veks, dei får også dei største overføringane. Det er ein ønska politikk, seier ordførarane.

Rendall Berg seier dei generelt har store etterslep i vedlikehald.

– Vi fekk litt over 4 millionar av tiltakspakken til vedlikehald. Men vi har så mykje etterslep, at om dei hadde lagt på ei null, ville vi lett fått brukt det også.

Sparar til økonomisk buffer

– Vi må kome dit at vi har pengar å sette i fond kvart år. Berre slik får vi ein buffer som kan ta svingingane, slik at vi slepp å endre på tenestetilbodet frå år til år.

Rune Berg meiner det ligg til lokalpolitikaren å ville skape og gjere ting.

– Kommunedirektøren legg fram eit budsjettforslag, vi har lyst til å oppfylle valløfta. Kanskje har kommunar lytta for dårleg til administrasjonen når det kjem til budsjetta, seier ordførarane.

Dei er einige om at ønskesituasjonen ville vore at budsjettet vart vedteke samrøystes. Det ville vore bra for langtidsplanlegginga.

I Saltdal har dei absolutt ikkje slått seg laus etter at dei kom seg ut av lista. Men dei kjem til å ta opp lån for å ruste opp skulane.

Fauske-ordføraren seier dei først må kome i balanse. Det inneber omlegging frå institusjon til heimebaserte tenester.

– Vi ser at vi kjem til å få ein veldig stor del eldre blant innbyggjarane. Alderssamansetninga er dramatisk. Delen av folk i arbeidsfør alder går ned.

Ho håpar dei no, etter dei grepa dei har teke innanfor skulesektoren, kan greie å behalde dei skulane dei no har.

– Det handlar om veg, å sende ungane kvar dag på utsette vegstrekningar har ingen lyst til. Det er veldig forståeleg.

Neste artikkel

Refsar regjeringa for å somle med tiltak for betre jordvern