Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fargebomba i nabolaget

– Hos oss er det alltid fint vêr, seier Annette Hilde. Det gule huset i botnen av bakken stråler som ei sol sjølv på gråvêrsdagar.

Energi: Annette Hilde har aldri tenkt at det ble for mye av det gode. Aller mest setter hun pris på at fargen gir energi. Foto: Ørn E. Borgen/ NTB Scanpix

Fargeekspertane trur fleire framover vil gjere som Annette Hilde og måle husa i friskare fargar. Gult, raudt, rosa, blått og grønt kan komme til å dukke opp på stadig fleire husvegger nær deg. I eit land der grått og kvitt har toppa salsstatistikken for utandørsmåling i fleire år, er det endring på veg.

– Den fargelause trendbølgja er i ferd med å nå mettingspunktet. Det er allereie tydeleg i interiøret, og diskusjonen går høglydt innanfor arkitektur. Endringa kjem der òg, seier fargeekspert Dagny Thurmann-Moe, leiar i Koi fargestudio.

Finn fram

– Eg prøvde først ein litt støvete grønfarge, men det vart feil, fortel Annette Hilde. Ho syntest fargen som var på huset før, var for bleik og brukte tid på å finne ein ny.

– Det var rett nok ein lys gultone, men det var ikkje noko energi i han, seier Hilde. – Då vi overtok huset, såg vi på teikningar frå 1920-talet, då huset vart bygd, og la oss opp mot stilen frå den gongen. Valet fall på korngult, og vi tok jobben med å måle sjølv. Vi måla igjen i fjor, men vi skulle kanskje ha leigd ein lift, smiler ho og peikar opp på gavlen, der det siste strøket enno ikkje er tatt.

Den fargelause trendbølgja er i ferd med å nå mettingspunktet.

Dagny Thurmann-Moe, fargeekspert og leiar i Koi fargestudio

Det korngule huset står og stråler i botnen av ein liten dal, i eit område der mange av husa elles er grå eller kvite.

– Det er få som går feil når dei skal besøkje oss første gong, seier Hilde.

Miljø og historie

Mette L'orange, som er professor i farge ved Kunsthøgskolen i Oslo og Universitetet i Bergen, trur ei av hovudårsakene til at så mange hus i dag er grå eller kvite, er at folk ikkje tør å skilje seg ut og bryte den minimalistiske trenden.

Huset bestemmer: Eierne lar husfargen legge føringer for busker og blomster utenfor. Forsythia forsterker gulfargen om våren. Foto: : Ørn E. Borgen / NTB Scanpix

– Men det er mange måtar å få hjelp og inspirasjon på, seier L'orange. – Ein kan sjå kva det er historisk tradisjon for der ein bur, og finne ut om staden har ein eigen identitet og fargekultur. Ein kan òg vurdere fargen opp mot nabohusa og tenke seg kva slags gate eller miljø ein er med på å skape.

L'orange synest at ein har eit visst ansvar for å halde oppe tradisjonen. Men ho rår òg folk til å legge seg opp mot fargane som høyrer til stilen og tida huset vart bygd i.

– Det kan òg vere ein idé å gjere ei fargeundersøking i målingslaga, som fortel kva farge huset først hadde, om ein ikkje veit det frå før, seier ho.

Lett å finne: Skal man til "det gule huset i bunnen av bakken", er det få som tar feil av veien. Foto: Ørn E. Borgen / NTB Scanpix

Det er få som går feil når dei skal besøkje oss første gong.

Annette Hilde, huseigar
Tradisjon: Pakkhusene i Trondheim viser at nordmenn har vært fargeglade lenge. Hent inspirasjon i tradisjonen, er rådet fra fargeekspertene. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Pendelen snur

L'orange er ikkje den einaste som har bekymra seg for hangen nordmenn har til grått og kvitt på husveggen. Hos målingsprodusentane er det fleire som prisar seg lykkelege over det dei opplever som ei aukande interesse for fargar.

Annonse

– Vi kjem nok til å halde oss mest innanfor dei tradisjonelle norske fargane, som gult eller oker og raudt, seier Bjørg Owren, kreativ leiar hos Informasjonskontoret for farge og interiør. – Kanskje kjem òg litt grønt, men det stiller fleire krav til den som vel fargen. Blått er òg litt vanskeleg, men på moderne arkitektur kan det bli knalltøft.

Gult og grått: Det er ikke mye farge i omgivelsene før gresset spirer og solen skinner. Eierne av det gule huset dro på med kraftig korngult. Foto: Ørm Borgen /NTB Scanpix

Owren trur farge er smittsamt. – Folk lèt seg inspirere av det som er rundt dei, og det som har lokal forankring.

Tale Henningsen, kreativ leiar i Fargerike, trur som Owren at pendelen slår tilbake, men synest ikkje vi skal gråte for mykje over snøen som fall i fjor.

– Vi har vore gjennom ein fantastisk periode reint stilhistorisk, seier ho. – Det har dukka opp heile bydelar og område som Bjørvika og Ulven i Oslo med stilige flater og sofistikerte uttrykk der gråfargen trer fram. Men no trur eg fleire vil ha fargar, seier Henningsen, som sjølv har det som plomma i egget i eit knallgult, relativt nymåla hus.

Fargehåp: Nye boliger med dristigere fargesetting i vannkanten ved Stavern. Foto: Agnes Boligutvikling

Fargerike trehus

– Noreg er framleis eit land av måla trehus, seier Lisbeth Larsen, global fargesjef hos Jotun. – Det har alltid vore mykje gult og raudt, og sånn vil det framleis vere. Gråfargane vi har sett i det siste, kan langt på veg forklarast med materialvala på nye bygg, men no ser vi at folk byrjar å leite etter friskare fargar også der, seier Larsen.

Fleire norske byar og stader har lagt ut fargerettleiarar til folk som treng råd og inspirasjon. Nokre av dei er laga på grunnlag av fargar frå historiske hus, medan andre har ein friare palett. Fargerettleiarane finst mellom anna for stader som Trondheim, Røros, Fredrikstad, Voss og Kristiansund, og interessa blir rapportert å vere stigande.

Mette L'orange er ikkje i tvil om at folk treng hjelp til å velje fargar.

– Dette byrja for alvor å bli vanskeleg på 1970-talet. Då skaut industriproduksjonen av måling fart, det kom eit utal fargar å velje mellom, og vi tok etter kvart i bruk NSC-systemet som offisiell standard, fortel L'orange.

– I møte med alle desse fargekodane trur eg nok mange har gjort det enkelt for seg sjølv og landa på grått og kvitt. Erfaringa mi er at ein god diskusjon og prøvestrøk kan gi andre resultat, særleg om ein søker hjelp hos fagfolk, til dømes hos designarar eller kunstnarar med fargeutdanning.

– Eg trur òg det bør stillast meir krav til estetikk og sanselege verdiar når planstyresmaktene behandlar byggesaker, seier L'orange, som er opptatt av at arkitektur ikkje berre handlar om å tilfredsstille tekniske normer.

Huset avgjer

Rundt det gule huset til Annette Hilde er òg naturen med på å skape fargeprakt i sommarhalvåret.

– Huset dikterer hagen, seier Hilde, og peikar på ei japansk blodlønn med flikete, burgunderraude blad.

– Denne fargen er veldig fin til den litt mørke gulfargen på huset. Eg synest til dømes blått kan vere litt vanskelegare å få til å fungere til buskar og blomster. Men det er kanskje berre ei smakssak, seier ho.

Gulfargen på huset skal uansett ikkje bytast ut.

– Eg liker han veldig godt. Eg har aldri tenkt at han gjer for mykje av seg, eller at vi skulle hatt ein meir dempa farge, seier Hilde. – Det er masse energi i han, og det er det eg liker aller best.

Tips til fargeval

Fakta

– Det held ikkje berre å kikke på fargar i målebutikken, seier Mette L'orange, og minner om at også erfarne fargesetterar må prøve og feile før dei finn løysinga. Her er fleire råd:

Start planlegginga og prøvemålinga i god tid om våren

Kjøp fleire fargar i små porsjonar

Prøv deg på husveggen eller på plater som kan flyttast rundt i ulikt lys

Vel ein meir dempa eller skitten farge enn den du først ser for deg

Sjekk fargen i ulikt lys

Hugs at den norske vinteren er bleik. Grått og kvitt gjer han endå bleikare.

Kjelder: Mette L'orange / Bjørg Owren

Neste artikkel

Derfor bør du spise mer nykål