Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Farevarsel for store delar av Vestlandet

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Meteorologisk institutt åtvarar om fare for jord- og flaumskred og svært kraftige regnbyer på Vestlandet.

Illustrasjonsfoto frå flaumen i Luster i oktober 2018. Foto: Benjamin Hernes Vogl

I Hordaland har NVE sett farevarselet for jord- og flaumskred til oransje nivå, det nest høgaste, medan dei har sendt gult farevarsel for Sogn og Fjordane og dei nordlegaste delane av Rogaland.

Meteorologisk institutt åtvarar samtidig om svært kraftige regnbyer i Sogn og Sunnfjord, Hordaland og nordlege Rogaland. Det kan lokalt komme 40–60 millimeter nedbør på tre timar.

Det er òg meldt gul fare for flaum på Vestlandet som følgje av den venta nedbøren. Varsla gjeld for onsdag og torsdag.

Annonse

– Mange reiser kan ta lengre tid. Overvatn og fare for vassplaning skaper vanskelege køyreforhold. Nokre stader kan miste vegsambandet, kanskje i fleire dagar, skriv Meteorologisk institutt i farevarselet.

Dei skriv vidare at bratte skråningar, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette.

Det er òg meldt om kraftige regnbyer i Agder, Telemark, Vestfold og Østfold onsdag.

(©NPK)

Neste artikkel

Uværshelg i Sør-Norge: Varsler flom, jordskred, kraftig regn, vind og snø