Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fann geitene på holmen fulle av ketsjup og sennep

Tysdag denne veka tok nokon seg i land på Storholmen i Sula på Sunnmøre og grisa til geitene som beiter der. – Dette er uakseptabelt. Ketsjup kan ha etsande effekt, seier veterinær.

Fleire av geitene på Storholmen i Sula blei tilgrisa med ketsjup og sennep denne veka. Foto: Elin Bjørge Salen

Geitene som pleier landskapet på friluftsområdet Storholmen i Sula kommune vil gjerne ha kontakt når folk kjem i land, skriv NRK Møre og Romsdal, som fyrst omtala saka onsdag denne veka.

Tretten geiter går rundt ute på holmen. Onsdag fekk ein av eigarane melding frå ein person som hadde vore der ute og sett ei geit ha noko raudt på ryggen. Vedkomande trudde kanskje at geita var skada, men då ho gjekk nærmare såg ho at det var ketsjup og sennep.

– Stakkars geiter. Dette er nokon som likar å plage dyr. Det er veldig trist, seier Liv Øvstegård til Nationen torsdag.

Ho jobbar i Nymarkbakken FUS barnehage inne i Langevåg sentrum. Tre av geitene som beiter der ute tilhøyrer barnehagen, og Øvstegård stiller seg uforståande til ugjerninga.

Fleire av geitene på Storholmen i Sula blei tilgrisa med ketsjup og sennep denne veka. Foto: Elin Bjørge Salen

Melder til politiet

Øvstegård fortel at dei ikkje veit kven som kan stå bak enno, men at dei har fått litt diverse tips.

– Det er vel heller tvilsamt at dei som har gjort det kjem til å innrømme det. Viss det er nokon i den yngre garde så håpar me at foreldra vil ta tak i det, seier Øvstegård. Om dei som har gjort det vil innrømme det veit me ikkje. Eller om det er nokon i den yngre garde, om foreldra vil ta tak i det, seier Øvstegård.

Ho fortel fredag at det kom regn natta etterpå, og at geitene har blitt nesten heilt reine att.

– Dagen etterpå var dei kvite geitene framleis litt raude i håret.

Øvstegård meiner ketsjupen kan føre til at geitene får plager.

– Eg kallar dette dyreplageri, og har tenkt å melde saka til politiet, seier ho.

Annonse
Liv Øvstegård. Foto: Privat

– Fengselsstraff og ei unnskyldning

Holmane utanfor Langevåg er lett tilgjengelege for båtfolk, og det er mange både store og små båtar som legg i land på Storholmen.

– Desse geitene er veldig tame og tillitsfulle. Dei kjem bort til alle. Det gjev høve til å vera stygg med dei viss ein vil det, seier Øvstegård.

Torsdag var ho og dottera på tretten år på tur ut til geitene att. Då ho lokka på dei var det ikkje alle som ville kome bort.

– Nokon blei ståande att. Då sa dottera mi: Kanskje dei ikkje vil kome sidan nokon har vore slemme med dei, fortel Øvstegård.

Då NRK viste barnehagebarna bilda av geitene på onsdag var dei sjokkerte over det dei såg. Dei meinte at både fengselsstraff og ei unnskyldning var på sin plass.

Geitene på Storholmen tysdag kveld, før det kom uvelkomne gjester og grisa dei til. Foto: Liv Øvstegård

Kan vera etsande

At ketsjupen kan føre til plager får ho medhald i av veterinær Aud Solberg.

– Eg synast dette er uvettig framtoning av folk. Dette viser at folk har fjerna seg langt frå korleis ein skal opptre overfor dyr, nemleg med verdigheit, seier ho til NRK.

– Det er uakseptabelt. Ketsjup kan ha etsande effekt, .

Neste artikkel

Stølsdrift med hjarte for geiter