Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fann 80 døde dyr i Midt-Troms

Politiet etterforskar brot på dyrevelferdslova etter funn av 80 døde sau.

Måndag gjorde politiet undersøkingar på eit gardsbruk i Midt-Troms, melder TV2.

Det er funne om lag 80 døde sau, og 11 vart nødslakta i fjøset på garden.

– Eg har ikkje høyrt om noko liknande før, det er nesten heilt utruleg. No om sommaren skal sauene eigentleg vere ute, så det må vere ein som ikkje har sleppt dei ut i år, seier Martin Ness, leiar i Midt-Troms Bondelag, til Nationen.

Dei døde dyra vart søndag oppdaga av ein veterinær på oppdrag for Mattilsynet. Politiet starta etterforsking tysdag, og det er førebels uklart kva som har skjedd. Men dyra kan ha vore døde ei tid.

– Dyra har lege ei stund, men vi kan ikkje seie kor lenge, seier politioverbetjent i Midt-Troms lensmannsdistrikt, Geir Lofthus til NTB.

– Veterinæren opplyste at sauene truleg har døydd av svolt, legg Lofthus til.

– Ei personleg tragedie

Ness seier han ikkje har opplevd noko liknande før, men tenker at det må vere alvorlege grunnar til kvifor nokon vanskjøttar dyra sine.

Annonse

– Når slike ting skjer er det stort sett ei personleg tragedie. Det som forundrar meg mest er at naboar og menneska rundt ikkje har reagert. Nokon må ha visst om det, det er ikkje lett å gå under radaren når du driv med sau, nokon må legge merke til at dyra ikkje kjem ut, seier han.

Har Midt-Troms Bondelag nokre rutinar i slike saker?

– I mitt bondelag har vi god kontakt med dei aktive bøndene. Vi passar på kvarandre. Å passe på naboen er for så vidt ei plikt vi alle har, seier han.

Ikkje sikta for forholdet

Bonden blir avhøyrd av politiet, men er så langt ikkje sikta for forholdet. Politiet har starta etterforsking på staden og vil òg avhøyre naboar.

– Vi skal avhøyre fleire personar og prøve å kartleggje kva som har skjedd, seier Lofthus.

– Det er sjeldan noko sånt skjer hos oss, spesielt i så stort omfang, legg han til.

Det er fleire dyr på garden, og det er førebels ukjent kva som skjer med desse framover.

Neste artikkel

Færre oppsøker krisesentre: – Det er grunn til bekymring