Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Familie reagerer på nytt oppdrettsnamn

Delar av familien til oppdrettspioneren Thor Mowinckel likar ikkje at Marine Harvest frå 1. januar neste år byter namn til Mowi.

Illustrasjonsfoto: Bjarne Bekkeheien Aase / Nationen

– Vi ønskjer ikkje å bli assosiert med den måten Marine Harvest og dei fleste andre lakseoppdrettarane etter vår meining forureinar fjordane våre, skadar maritimt habitat og truar framtidige generasjonar, heiter det i ein e-post frå Fredrik W. Mowinckel, fortel E24.

Etter det Dagens Næringsliv fortel skal meldinga ha blitt lesen opp på generalforsamlinga til Marine Harvest før det blei røysta over namneendringa.

Annonse

Kritikken kjem ikkje overraskande på selskapet.

– Vi har vore kjent med skepsisen til næringa frå delar av familien, men Mowi er like fullt ein svært sentral del av historia til selskapet og starten på det norske oppdrettseventyret, skriv han i ein e-post til avisa.

Han viser til at Mowi både er namnet på den tradisjonelle laksestamma til selskapet og namnet på det opphavlege selskapet som i si tid blei etablert av oppdrettspioneren Thor Wowinckel.

©NPK

Neste artikkel

Helproff i statens styrer