Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Færre skolar med få elevar

Frå 2010 har talet på skolar med mindre enn 100 elevar gått ned med nesten 22 prosent. Samtidig har det vore ein auke i skolar med meir enn 500 elevar på 56 prosent.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det blir færre skolar med få elevar. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det blir færre skolar med få elevar. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Tal frå SSB viser at det blir færre skolar der elevtalet er under 100. Statistikken over elevar i grunnskolen viser at det i 2010 var 3.028 grunnskolar her i landet, medan talet hadde gått ned til 2.276 i 2020. Det vil seie at det har vorte 725 færre skolar på ti år.

Annonse

I 2010 var det 123 skolar i Noreg som hadde meir enn 500 elevar, medan talet i 2020 hadde gått opp til 192 skolar. I 2010 var det 180 skolar med mindre enn 20 elevar, medan talet ti år seinare er 126.

Det er Troms og Finnmark som har den høgaste delen skolar med elevtal under 20 elevar.

(©NPK)

Neste artikkel

Mener Venstre og Frp har dårligst politikk for energitiltak i folks hjem