Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Færre kommunar blir overvakte for pengebruk

Kanskje vil så få som ti kommunar vere på den såkalla Robek-lista ved utgangen av året.

Ålesund er blant kommunane som blir overvakte for såkalla økonomisk ubalanse. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

I dag tel registeret 16 kommunar som blir overvakte for såkalla økonomisk ubalanse. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som anslår at talet på kommunar vil gå ned til ti.

Annonse

Halden, Nedre Eiker, Svelvik, Austrheim, Bremanger, Ålesund, Sande, Stranda, Giske, Midsund, Saltdal, Hamarøy, Tysfjord, Ballangen, Moskenes og Torsken er for augneblinken på overvakingslista.

Desse kommunane må ha løyve frå Kommunaldepartementet før dei kan låne pengar eller inngå langsiktige avtalar.

I 2016 var det 47 norske kommunar på lista. På det meste var 188 kommunar registrerte i 2004. Robek står for Register om betinga godkjenning og kontroll.

Neste artikkel

Riksrevisjonen skal gå gjennom Kielland-ulykken