Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Over 10.000 nordmenn vil bli i Storbritannia etter brexit

Talet på nordmenn som har søkt om å få halde fram med å bu i Storbritannia etter at landet forlèt EU, var oppe i 10.700 ved årsskiftet.

Berre i desember nytta 1.000 norske borgarar seg av det såkalla EU Settlement Scheme, viser tal frå det britiske innanriksdepartementet.

Annonse

Ved utgangen av desember var det komme inn drygt 2,75 millionar søknader. 2,45 millionar har fått svar hittil. Av desse fekk 58 prosent innvilga permanent opphald, medan 41 prosent fekk mellombels opphald med moglegheit til å søkje om permanent status seinare. Seks søknader er avslått.

Neste artikkel

Felleskjøpet produserer tonnevis av kraftfôr til svolten rein