Påsketuren for eit ektepar i 60-åra enda oppe i eit tre måndag morgon. Under treet stod syndaren som hadde jaga paret - ein sint elg.
– Elgen var ikkje nøgd med å møte paret på tur. Elgen sprang etter dei, og paret måtte forsøke å springe frå han. Etter litt måtte dei klatre opp i eit tre for å sleppe unna, seier operasjonsleiar John Repstad i Agder politidistrikt til TV 2.
Les også: Finere med elg enn med Gud
Annonse
Les også: Jegerne trodde at elgen var død
Men elgen gav seg ikkje. Paret vart sitjande i treet i 20 minutt medan dyret tusla rundt under treet. Til slutt fekk dei to varsla svigersonen. Han melde så frå til politiet.
– Dei kom seg uskadde frå hendinga, men det er traumatisk å ha ein elg springande etter seg. Det er eit populært turområde, så det er viktig å varsle folk, seier Repstad til TV 2.