Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Éin sjettedel av sauebestanden på Kangaroo Island har mista livet i brannane

100.000 av dei om lag 600.000 sauene som held til på den australske øya har blitt tatt av brannane. På fastlandet skal 25.000 husdyr vere tatt.

Ein saueflokk i røykskyene i nærleiken av Burragate i Australia laurdag 11. januar. Foto: Rick Rycroft/NTB Scanpix
Ein saueflokk i røykskyene i nærleiken av Burragate i Australia laurdag 11. januar. Foto: Rick Rycroft/NTB Scanpix

Sidan september har det brenne kraftig over store delar av Australia. Det har gått spesielt hardt ut over dyrelivet i landet. Utrekningar skal ha det til at om lag ein milliard dyr har mista livet i skogbrannane så langt. Koalaar, kenguruar, bier og ein haug av andre artar.

Om lag 100.000 av dei er sauer på øya Kangaroo Island i Sør-Australia, melder The Guardian.

Det er éin sjettedel av sauebestanden på øya, som har husa i overkant av 600.000 merinosauer.

Brannane der starta for ein månads tid sidan, og har tatt seg skikkeleg opp dei siste vekene.

I tillegg skal om lag 25.000 husdyr ha blitt tatt av brannane på fastlandet, som har blussa opp med jamne mellomrom sidan september 2019, ifølgje australske bondeorganisasjonar.

50.000 rundar med ammunisjon

Bønder på øya har bestilt store mengder ammunisjon for å skyte dyr som har blitt kritisk skada i den omfattande brannen. Halve øya har vore dekt av flammar.

– Ein våpenhandlar blei råda til å få tak i så mykje ammunisjon han kunne til å skyte sauer og ville dyr, seier Kevin Butler, grunnleggar og direktør i den frivillige organisasjonen BlazeAid, som jobbar med gjenreising etter skogbrann.

– Han reiste frå fastlandet med 50.000 rundar med ammunisjon, men gjekk likevel tom, seier Butler.

Ein bonde på øya mista 7000 sauer av typen first-cross ewes.

Annonse

– Det var alle sauene hans, seier Butler.

BlazeAid har frivillige som står og ventar på å få kome seg ut til Kangaroo Island så fort brannen har blitt erklært trygg. Det ser ikkje ut til å bli heilt enno. Organisasjonen har mellom opp mot 100.000 frivillige rundt om i landet. Dei skal hjelpe bønder med å erstatte inngjerdingar og annan infrastruktur.

Dette er ei av mange liknande frivilligheitsgrupper som vil hjelpe til i Australia no.

– Bønder har ringt meg og fortalt at dei akkurat har kome heim med riflene sine etter å ha vore ute og skote sauer. Viss me ikkje får hjelp bort dit snart kjem det til å skje noko skikkeleg ille, seier Butler.

Mista 9000 sauer

Borgarmeister Michael Pengilly på øya står bak talfestinga. Han seier at det ikkje har blitt talt nøyaktig enno, men at han ikkje er i tvil.

– Me har antakeleg mista 100.000 sauer, seier Pengilly.

Han er sjølv bonde, og fortel at han har dårleg samvit for at hans gard er trygg.

– Eg kjenner ein fyr som mista alle sauene sine. 9000 stykke. Det er ganske vanleg her no.

Om lag 10.500 tonn med grovfôr har blitt delt ut til bønder i brannutsette område, inkludert mjølkebønder på sørkysten. Mykje av det kjem frå Victoria, der bondeorganisasjonen har tatt på seg jobben med å distribuere det.

Mjølkebønder i det sørlege høglandet har også gått saman og donert ein million dollar til brannstyrkane.

Neste artikkel

Lettelse etter regn over skogbrannene i Australia