Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Bjørneparken i Flå og dagleg leiar Kees Oscar Ekeli har hatt ein fantastisk sesong, trass i koronarestriksjonar. Foto: Janne Grete Aspen
Bjørneparken i Flå og dagleg leiar Kees Oscar Ekeli har hatt ein fantastisk sesong, trass i koronarestriksjonar. Foto: Janne Grete Aspen

– Ei stund tenkte eg at vi låg for langt unna markanden, det gjer eg ikkje lenger

I Bjørneparken i Flå har det i sommar vore ventelister for billettar. – Vi er her for å informere, seier dagleg leiar i skjeringspunktet mellom dei som vil forby dyr i fangenskap og dei som blir plaga av dyras ville slektningar.

Det var ein av dei varme dagane i sommar. Alt tidleg på morgonen var parkeringsplassane framfor inngangen til Bjørneparken i Flå i Hallingdal fylt opp med bilar. Dei nøyaktig 1750 menneska som hadde kjøpt billett i tide var på veg inn. Fleire besøkande tillèt ikkje dei lokale koronarestriksjonane.

– Vi kunne fint seld 3500 billettar, seier dagleg leiar Kees Oscar Ekeli der han motstraums har kjempa seg ut.

Reknar med besøkstak også i framtida

Men å drive park med avgrensa tal besøkande har vore ei interessant erfaring. Dei synest parken fungerer betre når det ikkje er stappfullt, så han ser for seg at det også i komande sesongar vil bli sett eit tak på kor mange besøkande dei vil ha kvar dag.

Det som i dag heiter Bjørneparken opna i 1998, hadde namnet Vassfaret Bjørnepark og var eit samarbeid mellom lokale aktørar for å lokke folk til å bli verande litt lenger i området.

I 2008 kom bygdas rike onkel Olav Thon med, då han investerte stort både i Bjørneparken og Flå generelt. Parken vart gjort om til ei stifting, og Thon løyvde over år til saman 120 millionar kroner til den. Det meste vart brukt til å bygge infrastruktur.

– Men dei greidde ikkje drive med overskot, og i 2014 ville Thon ut av drifta, fortel Eikeli.

I fjor sommar kom det amurleopardar til Flå. Det er sin sterkt trua underart av leopard. Igor må kjempe litt for maten. Rovdyra nyt godt av "donasjonar" av vilt drept på Rv7 eller Bergensbanen. Foto: Janne Grete Aspen
I fjor sommar kom det amurleopardar til Flå. Det er sin sterkt trua underart av leopard. Igor må kjempe litt for maten. Rovdyra nyt godt av "donasjonar" av vilt drept på Rv7 eller Bergensbanen. Foto: Janne Grete Aspen

Han kom frå Akvariet i Bergen, og vart spurt om han ville bli med og starte eit driftsselskap.

– Det har gått bra, seier han nøkternt.

I år vil dei for første gong ha over 100.000 besøkande, trass i koronarestriksjonar.

Dinosaurosar og målgrupper

Dei siste åra har parken blitt bygd ut med eit nytt element kvart år. I år opna utstillinga Dinosauria. På ei høgd i parken står robot-dinosaurar i ekte storleik.

– Det viktigaste vi gjorde var å klarare definere kva som var målgruppa vår, seier Ekeli.

– Det er barnefamiliar. Alle produkta vi utviklar er retta mot barnefamiliar. Tidlegare var vi litt museum og litt kulturinstitusjon i tillegg til å vere dyrepark. Vi er vel det som internasjonalt vert kalla eit wildlife senter. Vi er veldig klare på at miljø og dyr er framtida vår. Verksemder som vår har eit stort oppdrag for dyrevelferd, miljø og bevaring. Generelt veit folk for lite om å ta vare på naturen. Inngangen vår er at naturen er der dyra bur.

Ein av dinosaurusane i det nyopna Dinosauria er Deinonychus, lett å kjenne att på den lange halen. Figurane er animatroniske, det  betyr at dei bevegar seg og lagar lydar. Foto: Janne Grete Aspen
Ein av dinosaurusane i det nyopna Dinosauria er Deinonychus, lett å kjenne att på den lange halen. Figurane er animatroniske, det betyr at dei bevegar seg og lagar lydar. Foto: Janne Grete Aspen

Eikeli er klar over at bedrifta lever i eit politisk terreng som omfattar alt frå dei som er sterkt mot dyr i fangenskap og dei som kjenner seg plaga av ville slektningar av rovdyra – i tillegg til dei som berre vil oppleve og lære.

Annonse

– Politisk har vi bestemt at vi skal ha rovdyr i Noreg. Men eg skjønnar at det lokalt blir konfliktar. Særleg med ulven som har ein sosial struktur som sender ut konfliktdyr. Men det forhindrar ikkje at ulven er ein fascinerande skapning.

Sjølv meiner Eikeli at dei har nokre av dei beste innhegningane som finst for dyr i fangenskap.

– Det finst ei gruppe ekstremistar som er mot dyr i fangenskap, men dei er nok ikkje her. Men vi har mange andre som bryr seg om korleis dyra har det, og den gruppa er veksande.

Olav Thon har gitt mange millionar til parken og resten av kommunen, det blir ikkje gløymt. Foto: Janne Grete Aspen
Olav Thon har gitt mange millionar til parken og resten av kommunen, det blir ikkje gløymt. Foto: Janne Grete Aspen

I parken jobbar det nokre lokale, ein del frå Oslo og ein del frå Kristiansand, i tillegg til mange danskar, som går dyrepassarutdanning i heimlandet.

Om vinteren er det rundt 13 årsverk i sving. I sommarsesongen er det 30 på jobb på attraksjonane, omtrent like mange arbeider i serveringa.

Eikelid seier han i starten tenkte at plasseringa ville vere ei utfordring for utviklinga av parken, at mange nok folk rett og slett ikkje ville reise så langt.

– No ser vi det som ein styrke, i Flå har vi enorme areal tilgjengeleg. Dyrevelferd blir viktigare og viktigare. Sjølv om vi meiner vi ligg langt framme, kan også vi bli flinkare, og fordi vi held til i Flå, har vi dei beste moglegheitene til å bli det.

Han trur folk er i ferd med å skjønne at dei må ut av byen for å få opplevingar som dei i Bjørneparken.

– Det ser vi på besøkstala våre. Folk er meir opptekne av miljø, og vi vil vere ein viktig aktør for å lære dei om det.

For nokre år sidan vart det kvart år fødd bjørneungar i parken, som gjerne vart namna av publikum i store namnekonkurransar. Slik er det ikkje meir. For utfordringa var når ungane vart store, og det ikkje var plass til dei, og ingen andre kunne ta imot dei. Då vart dei avliva.

Bjørneparken i Flå. Informasjon er målet deira, og her kan ein sjå korleis geviret til elgen Brutus forandra seg med alderen på dyret.
Bjørneparken i Flå. Informasjon er målet deira, og her kan ein sjå korleis geviret til elgen Brutus forandra seg med alderen på dyret.

Slik er det ikkje meir.

– Det er ein veldig bevisst politikk frå vår side. Vi er klare på at vi i hovudsak vil ha vaksne dyr her, som er vande med og toler livet i ein dyrepark. Det blir ikkje fødd ein einaste dyreunge i Bjørneparken, utan at vi veit kvar dei skal etterpå og at det er ein plan med fødselen, seier Eikeli.

I år er det difor ingen dyreungar i parken, ingen rovdyrungar, hjortekalvar eller krokodileungar.

– Folk etterlyser ikkje bjørneungar. Dei vil sjå bjørnar som har det bra, og det får dei, seier Ekeli.

Brunbjørn var det første dyret som kom til Bjørneparken. Her er Rugg, som har budd i parken sidan opninga i 1998. Foto: Janne Grete Aspen
Brunbjørn var det første dyret som kom til Bjørneparken. Her er Rugg, som har budd i parken sidan opninga i 1998. Foto: Janne Grete Aspen

Fem kjappe


– Kva er draumdagen for ein dagleg leiar av ein bjørnepark?

– Den vi har hatt så mange av i sommar. Temperatur over 20 varmegrader, full park og familiar som kosar seg med det vi har laga.

– Har du tips til ei god bok i sommar?

– Då vil eg anbefale science fiction-roman Enders game av Orson Scott Card. Den er så bra!

– Kven ville du hatt med deg på ei aude øy?

– Det ville i utgangspunktet vore kona mi. Men om eg fekk lov til å ta med ein til, så hadde det blitt Olav Thon. Han har levd eit langt liv, har mykje erfaring og sikkert mange historier å fortelje.

– Har du eitt favoritt feriestad?

– Det er i seglbåt i Hellas. Der har vi vore nesten kvart år i mange år.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Det er frå dei turane med seglbåt i Hellas. Det å ligge på anker utanfor ein liten by, vakne før alle dei andre om morgonen, sette på kaffien og svømme rundt båten åleine. Det grønblåe havet er blikstille og vatnet har 23–24 varmegrader.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommuner lover fortgang for tredje dose