Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

DNT-hyttene opnar for sesongen

Laurdag 26. juni opnar DNTs betente hytter for sommarsesongen. I år må ein bestille på førehand for å vareta smittevernet.

Stranddalen turisthytte rett før opninga i juni 2020. Foto: Helene Seglem
Stranddalen turisthytte rett før opninga i juni 2020. Foto: Helene Seglem

For første gong på 152 år må hyttegjestane til Den Norske Turistforening bestille overnatting på førehand når dei skal ut på tur.

– Vi er sjølvsagt ekstra spente i år. Har alle fått med seg at dei må bestille plass? Vi har jobba knallhardt for å klare å tilpasse oss nye rutinar, og vertskapa er ekstra glade for å kunne ønskje velkommen. Vi kan forsikre om at det er nok av moglegheiter til vakre fjellturar allereie frå byrjinga, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, i ei pressemelding.

På grunn av smittevern, må alle som besøkjer ei DNT-hytte i sommar, bestille rom på førehand. Dersom du vel å gå i fjellet i år utan å bestille plass først, må du ta ansvar for din eigen tryggleik ved å ha med telt.

– I år er det viktig at alle tek ansvar, planlegg turen, bestiller på førehand, vaskar godt etter seg og elles følgjer reglane som er sette. På den måten kan vi sikre at tilbodet kan haldast ope, og at flest mogleg får den fantastiske tursommaren vi drøymer om, seier Klarp Solvang.

Tur i Masfjorden frå Furebotn til Haugsvær, juni 2020. Foto: André Marton Pedersen / DNT
Tur i Masfjorden frå Furebotn til Haugsvær, juni 2020. Foto: André Marton Pedersen / DNT

Mange snøfrie turar allereie

Annonse

DNT melder om at det er mange snøfrie turar tilgjengelege i dei fleste fjellområde i Sør-Noreg. Austafjells er det bart og fint på stiane og flotte forhold for fotturar. Det ligg framleis noko snø i høgfjellet, og då spesielt Vestafjells, og i Midt- og Nord-Noreg, men det smeltar raskt.

– Med smeltinga er det viktig å vere oppmerksam på store elvar og mykje vatn, seier Solvang, og minner om å hugse høge støvlar og gamasjar for å halde seg tørr.

Mange ledige senger

Dugnadsarbeidarar har dei siste dagane merka stiar, lagt ut bruer og gjort hyttene klare for ein ny sommar. Det er god plass, særleg i vekedagane, men ein bør ikkje vente for lenge med å bestille.

DNT har 550 hytter, og normalt er det berre 100 som er fulle ein eller fleire dagar gjennom sommaren. Men på grunn av regelen om ein meter avstand, er det fullt med omtrent 70 prosent av normal kapasitet.

For den som har høve til å reise i august og september, vil det vere rolegare månader enn juli.

(©NPK)

Neste artikkel

Støre: – Vår tydeligste distriktspolitiske retning siden 70-tallet