Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Distriktskommunar fryktar framtida for småflyplassane

Fleire distriktskommunar fryktar at den økonomiske krisa i Avinor vil føre til at småflyplassar forsvinn.

Fleire distriktskommunar fryktar at den økonomiske krisa i Avinor vil føre til at småflyplassar forsvinn. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
Fleire distriktskommunar fryktar at den økonomiske krisa i Avinor vil føre til at småflyplassar forsvinn. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

– Regjeringa må setje Avinor i stand til å kome i gang igjen med flytrafikken så snart som mogleg. Det er svært viktig både for næringslivet og det offentlege, seier Jenny Følling, leiar i lufthamnutvalet for Førde lufthamn, til NRK.

Også ordførar i Bø i Vesterålen, Sture Pedersen (H), uttrykkjer uro for framtida til småflyplassane.

Annonse

– Flyplassen er viktig for å ha ei busetjing her, seier han til statskanalen.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide poengterer overfor rikskringkastaren at han ikkje har planar om at småflyplassar skal leggjast ned som eit ledd i å berge økonomien til Avinor.

(©NPK)

Neste artikkel

Den stolte hane med rekordresultat