Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dimmar lys langs vegane for å spare insekta

Nattleg veglys kan ha ein negativ effekt på insektlivet. Dimming og sensorstyrte lys skal minimere skadane.

Veglys kan skade insekt, og Vegvesenet og Nibio jobbar for å redusere dei negative effektane. Illustrasjonsfoto: Frode Meosli / NTB / NPK
Veglys kan skade insekt, og Vegvesenet og Nibio jobbar for å redusere dei negative effektane. Illustrasjonsfoto: Frode Meosli / NTB / NPK

Dei siste fem åra har fleire studiar påvist ein drastisk nedgang i dei globale insektbestandane. Årsakene er ikkje fullt ut kjende, men forskarane trur aukande bruk av kunstig veglys kan vere ei av mange forklaringar.

Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har nyleg gått gjennom forskinga på området på oppdrag frå Statens vegvesen.

– I Noreg er det politisk vedteke at ein skal ha lys langs alle motorvegar. Dette er ganske uvanleg i europeisk samanheng, påpeikar Nibio-forskar Ulrike Bayr på Nibios nettside.

Annonse

I andre land er det ikkje like vanleg å lyse opp vegane utanfor byane. Følgjer du E6 sørover frå Oslo blir det raskt mørkt når du har kryssa Svinesund. Belgia slutta med veglys for nokre få år sidan, og land som Danmark og Tyskland har aldri brukt veglys langs motorvegane sine.

Statens vegvesen arbeider aktivt for å redusere lysforureinga frå norske vegar, utan at det skal gå utover trafikktryggleiken. På fleire strekningar er det innført dimming, som vil seie at lysintensiteten blir redusert utover natta når det er lite trafikk. Det er òg sett i gang forsøk med rørslesensorar der lyset berre slår seg på når det kjem ein bil.

I tillegg til dimming og sensorstyrt lys kan ein kan oppnå positiv effekt ved å skjerme for strølys og endre fargetemperaturen og spektralfordelingen slik at insekta i mindre grad blir påverka. Det er òg mogleg å redusere lysintensiteten, og tida lysa står på.

– Mildnande tiltak må vere eit kompromiss mellom trafikktryggleik, energibruk, estetikk, kva som er teknisk mogleg og effektar på andre dyr og plantar. Førebels veit vi ikkje så mykje om effekten dei ulike tiltaka vil ha på insekt, seier Nina-forskar Nina Johansen.

Neste artikkel

Vil avsløre kva luktstoff insekta skyr