Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Digital Bygdepride i Ørsta og Volda

Koronapandemien gjer at Bygdepride ikkje kan arrangerast som normalt. No blir arrangementet digitalt.

Koronapandemien gjer at Bygdepride ikkje kan arrangerast som normalt. No blir arrangementet digitalt. Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK
Koronapandemien gjer at Bygdepride ikkje kan arrangerast som normalt. No blir arrangementet digitalt. Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

Den digitale feiringa går føre seg torsdag 7. mai og laurdag 9. mai. På torsdagen blir det minikonsert og helsing frå soknepresten i Ørsta. Laurdagen blir det appellar frå blant andre ordførarane i Ørsta og Volda og kulturminister Abid Raja.

– Bygdepride vart skipa for å fremje skeive sine rettigheiter på bygda, og vi ville vise at bygdene våre er tolerante og aksepterande. Vi ønsker å halde fram med å vise at bygdene våre er slik. Dette er viktig, ikkje berre for skeive, men for alle som kjenner seg litt annleis. Ørsta/ Volda, Søre Sunnmøre og Nordfjord, skal vere samfunn der det er heilt greitt å vere den du er, seier Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i styret for Bygdepride Ørsta/Volda i ei pressemelding.

Annonse

Eitt av hovudarrangementa som skulle ha vore under Bygdepride i år, var regnbogemessa i Ørsta kyrkje.

– Difor er vi veldig glade for at sokneprest Arne Moltubak tek del. At kyrkja viser eit ekte engasjement, har veldig mykje å seie for skeive i samfunnet vårt, seier Frislid.

(©NPK)

Neste artikkel

Elgen går på sparebluss om vinteren