Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dialektprisen går til Helsesista. – Opptatt av å vere meg sjølv

Ei veldig glad og overraska Tale Maria Krohn «Helsesista» Engvik er kåra til vinnaren av dialektprisen 2019. – Ho tydeleggjer at ein ikkje treng å bruke oslodialekt for å nå ut over heile landet, seier leiaren i Målungdommen.

Tale Maria Krohn Engvik er mest kjent som Helsesista frå Snapchat. No får ho Dialektprisen 2019 av Noregs Målungdom. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Tale Maria Krohn Engvik er mest kjent som Helsesista frå Snapchat. No får ho Dialektprisen 2019 av Noregs Målungdom. Foto: Beate Haugtrø / NPK

– Eg vart veldig glad og veldig overraska. Det var litt «wow», seier Tale Maria Krohn Engvik, best kjent som Helsesista, om å få vite at ho er vinnaren av dialektprisen 2019.

Dialektprisen går kvart år til eit dialektforbilde for ungdom for å synleggjere dialektbruk i media. Prisen blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom, og Engvik får prisen for arbeidet ho gjer som helsesøster på sosiale medium.

– Helsesista når ut til tusenvis av ungdommar kvar einaste dag, og ho er opptatt av å bruke eit språk som ungdom forstår. At dette språket er hennar eiga ålesundsdialekt, er viktig for å tydeleggjere at ein ikkje treng å bruke oslodialekt for å nå ut over heile landet, seier leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold.

Skjold trekker også fram at dialekt er viktig for identiteten, og at ungdom har godt av å møte språklege føredøme frå heile landet.

– At ungdom får møte ei som pratar direkte til dei og brukar dialekta si som noko sjølvsagt, gjer det lettare for dei å våge å vere den dei er og bruke si eiga dialekt. Dermed glir dialektbruken til Helsesista også over i dei andre temaa ho tar opp i arbeidet sitt, utdjupar målungdomsleiaren.

Opptatt av å vere seg sjølv

– Eg er veldig opptatt av ord og språk og kommunikasjon. Og eg tenker mykje på at eg skal vere den eg er og vere meg sjølv uansett kor eg er, både når eg snakkar på sosiale medium, og når eg les inn boka mi. At det skal vere meg og mi stemme, og mine ord, seier Engvik til Nynorsk pressekontor.

Annonse

Ho medgir at ho har tenkt meir på desse tinga enn heilt konkret at ho skal bruke dialekta, men med det å vere seg sjølv så kjem dialekta også naturleg, meiner ho.

– I det å vere meg sjølv, så ligg det i meg at det er dialekta mi og sånn eg snakkar. Når eg snakkar enkelt og direkte, så er det berre sånn det er. Eg skal vere meg sjølv, og da er det den dialekta eg har og bruker uansett.

Engvik fortel at ho er veldig glad i dialekta si og trur den òg har vorte veldig kjent og trygg for mange å høyre på.

Prisvinnaren

Tale Maria Krohn Engvik er helsesjukepleiar og har vakse opp i Ålesund. Snapchatkontoen «Helsesista» har i dag 200.000 følgarar, og dei siste 2,5 åra har Engvik både vore Helsesista på Snapchat, laga TV-serie og reist rundt i heile landet for å halde foredrag for ungdommar og vaksne.

På Snapchat og i føredraga snakkar ho med ungdommar om tema som psykisk og fysisk helse, pubertet og seksualitet. Nyleg gav ho òg ut boka «#vågåvære» der ho både bruker erfaringar og samtalar frå Snapchat og deler opplevingar frå si eiga ungdomstid.

Engvik har tidlegare fått Redd Barnas Rettighetspris i 2017 og Tabuprisen 2018. Blant dei tidlegare vinnarane av Dialektprisen finn vi namn som Eli Kari Gjengedal, P3Morgen, Linda Eide og Lothepus.

Sjølve prisen blir delt ut i Spegelsalen på Det Norske Teatret fredag 15. november klokka 18.15.

– Eg gler meg kjempemykje til prisutdelinga, seier Engvik.

Neste artikkel

Utvider jakttiden for å stoppe skrantesyke