Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dette er grunnen til at hoggormen er freda

Trass auke i meldte hoggormbit det siste året, trur ikkje slangeekspert at det er «hoggorm-år».

Det er ingen grunn til å tru det er hoggorm-år i år, seier slangeekspert. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven/NTB/NPK
Det er ingen grunn til å tru det er hoggorm-år i år, seier slangeekspert. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven/NTB/NPK

Ifølgje NRK Oslo og Viken , har Giftinformasjonen opplevd auke i antal meldingar med folk som har blitt, eller mistenkjer at dei har blitt biten av hoggorm. Det er nesten dobbelt så mange som i fjor, og ein klar rekord.

Det er ingen fullstendig oversikt over hoggormbestanden i Noreg, men det er lite som tyder på at det er ein trua art.

Likevel er hoggormen freda, og grunnen heng saman med ein lov frå 1981.

Annonse

– Viltlova vernar alle dyr, unnateke når det er jakttid. Sånn sett er ikkje hoggormen meir freda enn sporv og piggsvin. Fredinga handlar heller ikkje om at han er sjeldan, seier leiar i Norsk Herpetologisk Forening, Thor Håkonsen.

Sjølv om mange meiner det er hoggorm-år, trur han forklaringa heller ligg i at fleire har oppsøkt område der hoggormen oppheld seg.

– Når fleire er ute på tur, er det fleire som observerer hoggorm, seier han.

©NPK

Neste artikkel

Ny bok setter spørsmålstegn ved dyrs rettigheter