Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det er ikkje for seint å planta trær i hagen

Mindre stell, betre vekstforhold og lågare prisar. Det er fleire grunnar til å plante når hausten kjem.

HAGENS STOLTHET: Et tre gir skygge, bakgrunnsmusikk, farger, oppholdsrom og minner. Høsten er et godt tidspunkt for planting.    FOTO: Shutterstock / NTB Scanpix
HAGENS STOLTHET: Et tre gir skygge, bakgrunnsmusikk, farger, oppholdsrom og minner. Høsten er et godt tidspunkt for planting. FOTO: Shutterstock / NTB Scanpix

Sommaren går mot slutten og kaldare tider rykker stadig nærare. For seint, tenker du kanskje, å plante nye tre i hagen.

– Tvert imot, seier Marianne Utengen, redaksjonsmedarbeidar og gartnar i Det norske hageselskap. – Hausten er eit godt tidspunkt for treplanting. Då er som regel temperaturen godt eigna, og jorda fuktig nok til at treet klarer seg fint fram til vinteren med mindre vatning.

FRISTED: Et epletre i hagen kan være etterlengtet støtte for pollinerende insekter.   FOTO: Shutterstock / NTB Scanpix
FRISTED: Et epletre i hagen kan være etterlengtet støtte for pollinerende insekter. FOTO: Shutterstock / NTB Scanpix

Tre som ei investering

For Marianne Utengen bidreg trea med meir enn berre frukt, skugge og dekorasjon. Heime i hagen har gartnaren planta heile 17 av dei – frå rogn og magnolia til dvergsyrin og prydeple.

– Trea skaper eit fantastisk miljø i hagen. Dei lagar trivelege rom, gir herleg bakgrunnsmusikk, legg til rette for fugleliv og bryt ut i flotte fargar om hausten. Spesielt i område med mykje nybygging hadde vi hatt godt av å dyrke fleire tre for å auke trivselen, seier ho.

Sjekkliste ved kjøp av hagetre

Fakta

1: Inspiser grundig

Ikkje ver redd for å ta ein «hands on»-tilnærming på det lokale hagesenteret ditt. For ein visuell inspeksjon av røtene, spør personalet om hjelp til å fjerne potta. Røtene bør vere faste, kvite i fargen og godt skilde for effektiv spreiing i bakken. Har dei klumpa seg saman til ei «snurrerot», må du losne godt før treet blir sett i jorda.

2: Kartlegg hagen

Før du bestemmer deg for tresort, kartlegg hagen treet skal stå i. Kor mange timar med sollys vil treet ha? Kva er kvaliteten og surleiken på jorda? Kva for andre tresortar og plantar finst i hagen? Her gjeld det òg å gjere grundig research rundt storleik. Eit tre er trass alt ikkje ferdig utvakse når du har planta det i jorda. Å fjerne eller selje eit tre som veks seg for stort for hagen din, kan vere ein tidkrevjande og dyr affære. Alt dette kan du få hjelp til om du bruker fagfolk, som leier oss til punkt tre.

3: Bruk fagfolk

Eit tre kan vere ei investering du lever med i fleire tiår. Vurder derfor å kjøpe direkte frå profesjonelle gartnarar eller planteskular, som kan rettleie deg gjennom prosessen: frå val av tresort til planting og vedlikehald/skjering sidan treet veks.

4: Kjenn klimasona di

Noreg delt opp i åtte klimasoner, heile vegen frå H1 (mildast) til H8 (hardast). Mange nettsider – inkludert Det Norske Hageselskap – har eigne kart som viser kvar i landet ulike sortar passar best.

5: Vel tre dyrka i Noreg

Tre dyrka i Noreg vil naturleg nok trivast betre enn plantar importerte frå utlandet. Sjå etter merkinga E-plante, forkorting for Elite-plante. Med dette merket veit du at planten er dyrka i Noreg, er fri for sjukdom og foredla for å overleve norske forhold.

Det nyaste tilskotet i hagen til Utengen kom i form av ei ti år gammal hengebjørk. Medan eit ungtre på hagesenteret sjeldan kostar meir enn ein tusenlapp, brukte Utengen det tidobbelte på sitt tre. Men kva gjekk eigentleg pengane til?

– Ekstra tid og kompetanse kostar, seier ho. – Hagen og huset vi bur i no, skal vere med oss resten av livet. Derfor gav det meining å investere i eit tre av høgast mogleg kvalitet, dyrka fram over lengre tid av fagfolk.

Etter ein grundig vurderingsprosess oppsøkte Utengen ein gartnar med tilgang på tre frå såkalla planteskular. Dette er ikkje skular for gartnarar, men stader der tre, bærbuskar, prydbuskar og grunnstammar blir dyrka fram av fagfolk. Utengen fortel at profesjonelle gartnarar og planteskular får fleire og fleire førespurnader når hageeigarar skal kjøpe seg tre.

– I bransjen ser vi ein aukande etterspørsel etter velvaksne tre av høg kvalitet, seier ho. – Folk er openbert villige til å betale ekstra for eit meir utvakse tre. Dei er meir krevjande å transportere, men ein oppnår eit ferdig resultat raskare. Ved å bruke fagfolk til planting og val av tre, kan du føle seg sikrare på at treet passar hos deg, er sjukdomsfritt og vil tole norske forhold i mange år.

GARTNER: Marianne Utengen i Det Norske Hageselskap har hele 17 trær plantet i hagen.   FOTO: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
GARTNER: Marianne Utengen i Det Norske Hageselskap har hele 17 trær plantet i hagen. FOTO: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Helsa til treet

Annonse

Men om du ikkje ønsker å investere så mykje pengar, og nøyer deg med eit yngre tre, kan det lokale hagesenteret ditt etter alt sannsyn dekke behovet. På hagesenteret er det viktig å ha gjort seg opp nokre tankar før du trekker kortet, seier Tove Ladstein, dagleg leiar i Opplysningskontoret for blomster og planter.

– Særleg viss du kjøper om hausten er det viktig å sjå om hagesenteret har tatt godt vare på treet gjennom sommarsesongen. Du kan nemleg risikere at treet har stått uselt gjennom ein lengre periode med varmt vêr, samtidig som sentera har hatt redusert bemanning.

Det er derfor vel verd å ha med seg ei sjekkliste i lomma, seier ho.

– Ta først ein titt på blada. Det er ikkje nokon katastrofe om nokre bitar manglar her og der, men dei bør likevel vere faste og friske. Få deretter hjelp til å ta av potta for å inspisere røtene. Desse skal vere sterke og kvite i fargen. Viss røtene veks i ring, er det viktig å løyse dei opp før ein set planten i bakken, slik at endane peikar i alle retningar.

FARGESPRAKENDE: Magnoliatrær har blitt populære i Norge på grunn av sine vakre blomster. Men sørg for at du bor i en passende klimasone før bestilling.    FOTO: Shutterstock / NTB Scanpix
FARGESPRAKENDE: Magnoliatrær har blitt populære i Norge på grunn av sine vakre blomster. Men sørg for at du bor i en passende klimasone før bestilling. FOTO: Shutterstock / NTB Scanpix

Det viktigaste – i tillegg til å sikre seg ein sunn grunnstamme og sunne, friske røter – er å forhøyre seg om opphavet til treet, seier Ladstein.

– Mange av plantane som blir selde på norske hagesenter, er importerte frå utlandet. Eg vil på det varmaste tilrå folk å kjøpe tre dyrka innanfor landegrensene, som vil ha ein langt større sjanse til å overleve vårt eige klima.

Slik plantar du eit tre

Fakta

1: Grav eit plantehol som er så stort at røtene får god plass. Det er viktig å ha nok laus og fin jord til plantinga.

2: Plantar som har stått lenge i pottar, får ofte «snurrerot» som må løysast opp, elles kan røtene få problem med å vekse ut av rotklumpen. Fjern skadde og spesielt lange røter som det er vanskeleg å få plassert i holet til planta, men ta så lite som mogleg.

3: La rotklumpen stå i vatn til han er ordentleg fukta før du plantar.

4: Ikkje plant for djupt, podestaden må ikkje komme under jorda. Etter kvart som du fyller jord i planteholet, kan du riste treet forsiktig, slik at jorda kjem godt inntil alle røtene.

6: Når planteholet byrjar å bli fylt opp og røtene er dekte, tråkkar du godt til rundt planten før du fyller på resten av jorda. Deretter må du vatne med 5–10 liter pr. plante.

Kjelde: Det Norske Hageselskap

Tre på tilbod

Ein annan fordel med å kjøpe seg eit tre om hausten, er prisnivået. Bjørnhild Fjeld, grunnleggjar av hagebloggen spirea.no, nyttar seg ofte av sal på denne tida av året.

– Dei færraste hagesentera lagrar uselde plantar og tre gjennom vinteren. Mykje blir derfor berre kasta på slutten av sesongen. Dette gjer at prisane ofte blir reduserte betrakteleg på haustparten, seier ho.

Når vi plantar på hausten, minner ho om, blir det ekstra viktig å kjøpe riktig tre til riktig klimasone. Noreg er delt opp i åtte slike soner, rangert frå H1 (mildast) til H8 (hardast).

– Hagesenteret vil neppe selje deg eit tre som ikkje toler forholda der du bur, men det er like vel verd å dobbeltsjekke. Bur du i sone H4, vil eg til dømes tilrå å velje noko frå H5 eller H6, avsluttar ho.

SENTRUM I HAGEN: Hos hageblogger Bjørnhild Fjeld er et stort furutre midtpunkt i hagen. FOTO: Tore Fjeld/Spirea.no /
SENTRUM I HAGEN: Hos hageblogger Bjørnhild Fjeld er et stort furutre midtpunkt i hagen. FOTO: Tore Fjeld/Spirea.no /

Neste artikkel

Nationens julequiz 2