Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Denne bia har meir enn 200.000 følgjarar på Instagram

Bia B. brukar den store plattforma si til å lære folk om viktigheita av sin eigen art.

Influencar-bia B. er Instagram-kjendis og aktivist. Foto: Instagram
Influencar-bia B. er Instagram-kjendis og aktivist. Foto: Instagram

Den stilige Paris-baserte bia B. lever eit luksuriøst influensar-liv, og postar bilde av alt frå kvardagen i den flotte leilegheita si til storslåtte reiser rundt i verda (ho flyg jo trass alt klimanøytralt). Ein ser at ho har besøkt mellom anna alpane i Sveits og vakre basseng i Mallorca, og at ho frekventerer lokale attraksjonar som Louvre-museet og Eiffeltårnet i heimbyen Paris.

Ved sida av luksusen er B. også ein samfunnsengasjert aktivist, og særleg på eigne vegner. Mellom anna deltar ho på klimastreikar.

Det var Framtida som fyrst skreiv om bia B.

På pride-parade i Paris og framfor matvarer på verdas matdag. Foto: @bee_nfluencer på Instagram
På pride-parade i Paris og framfor matvarer på verdas matdag. Foto: @bee_nfluencer på Instagram

«Eg er den første bie-influensaren!» har B. skrive i bioen på Instagram-profilen @bee_nfluencer. Kontoen har vore oppe og gått sidan april. Sidan den gong har det flokka meir enn 200.000 følgjarar til.

Det er miljøverngruppa Fondation de France som står bak kontoen. Målet er å skape merksemd rundt bier sin funksjon i verda og kvifor me må ta vare på dei, ved å byggje ei følgjarskare og samle inn pengar til eit biefond.

Annonse
I ein flott hatt på gata i Paris og på båttur i ein park i Lyon. Foto: @bee_nfluencer på Instagram
I ein flott hatt på gata i Paris og på båttur i ein park i Lyon. Foto: @bee_nfluencer på Instagram

Bier er avgjerande

Ifølgje Illustrert vitenskap har verdas bestand av honningbier minka sidan 1950. Frå 1980 har bestanden sokke så mykje at forskarar er redde for at honningbia kan døy ut.

Utrekningar viser at honningbier bestøvar 70 av dei om lag 100 planteartane som brødfør om lag 90 prosent av jordas befolkning.

I teksten under eit bilde av B. framfor ein haug av frukt og grønsaker frå 16. oktober, verdsdagen for mat, står det: «Viss du elskar å eta må du feire verdsdagen for mat! Systrene mine og eg står bak mesteparten av maten du et kvar dag. Lurar du på kva slags mat? Kommenter med ein mat-emoji, så skal eg fortelje deg om den framleis ville eksistert utan meg!»

Biefondet vil bruke pengane på å få bønder til å bruke teknikkar og middel som ikkje skadar pollinering, bygge opp att biehabitat og opplysa folk om korleis plantevernmidlar påverkar pollinering.

På heimesida si skriv biefondet mellom anna: «Bier er avgjerande for å sikre balansen mellom økosystem og landbruket vårt. Dei har eit essensielt oppdrag: pollinering som let planter reprodusere. I Frankrike forsvinn meir enn 30 prosent av bie-koloniane kvart år. Å beskytte bia er også å beskytte mennesket.»

Neste artikkel

Norges Birøkterlag testar smarte bikubar