Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den Stolte Hane stengte anlegg etter listeriafunn

Produksjonslokala for steikte produkt blei stengt søndag etter eit funn av bakterien listeria.

Det blei oppdaga listeria i produksjonsanlegget for steikte produkt hjå Den Stolte Hane i Stokke søndag. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Det blei oppdaga listeria i produksjonsanlegget for steikte produkt hjå Den Stolte Hane i Stokke søndag. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

På ein plakat som er blei hengt opp i Coop sine butikkar melde Den Stolte Hane at det var funne listeria i produksjonsanlegget for steikte produkt i Stokke.

Det skriv Dagbladet.

Dagleg leiar i Den Stolte Hane, Fredrik Strømmen, stadfestar at dei har oppdaga bakterien i anlegget, men er tydeleg på at det ikkje er funne på produkt. Dei har heller ikkje tilbakekalla noko frå butikkane.

– Me har eit regime der me testar produkt og produksjonsmiljø i veldig stort omfang. Denne fabrikken produserer eteklare produkt, så me har nulltoleranse for dette, seier Strømmen.

– Listeria er ein bakterie ein finn naturleg i til dømes jord og vegetasjon, og kvalitetssystemet vårt er sett opp for å kontinuerleg overvåke og teste slik at anlegget ikkje blir rørt av listeria, held han fram.

Produkta er trygge

Annonse

Om dei likevel skulle finne bakterien, slik som i helga, så resulterer det i full produksjonsstopp ved anlegget. Dette for å passe på at det ikkje skal forplante seg til produktet. Produksjonslokala blei stengt umiddelbart og alt utstyr blei vaska ned.

Produksjonen startar opp alt på måndag, og dei tilsette gjekk eit ekstra skift for å ta att etterslepet.

Strømmen forsikrar folk som har kjøpt produkta deira dei siste dagane om at dei trygt kan ete dei.

– Alt som finst i våre produkt er trygt å eta, seier han.

Han vil også vera ekstra tydeleg på at det berre var i produksjonslokala for steikte produkt at bakterien blei funnen. Rå kylling blir pakka ein annan stad.

Sjansar ikkje med mattryggleik

Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen, kjende ikkje til funnet. Det er han ikkje overraska over, ettersom produsenten oppdaga bakterien før det gjekk ut over produkta.

– Leverandøren har følgd dei rutinane som gjeld for trygg mat og det er me veldig fornøgde med. Coops kundar skal kunne stole på maten dei handlar hjå oss, og at både me og leverandørane våre aldri tar sjansar når det gjeld mattryggleik, seier Kristiansen.

Neste artikkel

Den stolte hane med rekordresultat