Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den amerikanske kjøtindustrien samanliknar kjøterstatningar med hundefôr

Plantebaserte burgarar blir meir og meir populære. Det prøvar kjøtindustrien å gjera noko med.

Dette er ein plantebasert burger fra Beyond Meat. Foto: Beyond Meat
Dette er ein plantebasert burger fra Beyond Meat. Foto: Beyond Meat

«Pass dykk for plantebasert kjøt.» Det er bodskapet i ein marknadsføringskampanje frå Center for Consumer Freedom, som er eit amerikansk PR-firma som blir støtta økonomisk av mellom anna kjøtprodusentar, skriv The New York Times.

Dei siste vekene har firmaet hatt heilsidesannonsar som tar opp helserelaterte bekymringar i samband med plantebaserte kjøterstatningar, som dei to kjøtfrie burgarane frå Impossible Foods og Beyond Meat.

Desse to vegetarburgarane ser, smakar og «blør» som ekte kjøt.

Annonsane kallar dei ultra-prosesserte imitasjonar med eit utal ingrediensar.

«Kva skjuler seg i det plantebaserte kjøtet ditt», spør ein av annonsane, som viser eit trist fjes laga av to burgarar og ei kjøtpølse.

Ein annan annonse leiar lesarane til ei nettside som samanliknar plantebaserte burgarar med hundefôr.

Amerikanske kjøtprodusentar har i aller høgste grad tatt opp kampen mot falskt kjøt. Mellom anna har minst 25 statar fått gjennom forslag som gjer det ulovleg å bruke orda «beef» eller «meat» på produkt som er laga av plantar eller dyrka fram i eit laboratorium.

Center for Consumer Freedom i USA spør i ein kampanje om forbrukarar kan sjå kven av desse tre som er innhaldslista i hundefôr. Dei to andre er vegetarburgarar. (Svaret er at den i midten er hundefôr). Foto: Center for Consumer Freedom
Center for Consumer Freedom i USA spør i ein kampanje om forbrukarar kan sjå kven av desse tre som er innhaldslista i hundefôr. Dei to andre er vegetarburgarar. (Svaret er at den i midten er hundefôr). Foto: Center for Consumer Freedom

Populære blant kjøtelskarar

I november skreiv administrerande direktør i firmaet, Will Coggin, ein kommentar i avisa USA Today der han meinte at falskt kjøt er ultra-prosessert mat som kan føre til vektauke (sjølv om forskinga på prosessert mat ikkje inkluderer plantebasert kjøt). Eit par dagar seinare skreiv den daglege leiaren deira ein kommentar i The Wall Street Journal der han kritiserte plantebasert kjøt som svært prosessert og ikkje sunnare enn kjøt.

Impossible Foods, som er produsenten bak ein populær plantebasert burgar, kallar kampanjen misvisande og fryktframkallande. Selskapet seier at plantebaserte kjøtalternativ er betre for forbrukarane og for planeten, sidan det krev mindre jord og vatn og produserer færre drivhusgassar enn kjøtproduksjon med ku gjer.

– Denne kampanjen er eit teikn på at vårt oppdrag – å forstyrre kjøtindustrien og erstatte dyr i matindustrien – fungerer. Det gjer oss stolte å få denne organisasjonen etter oss, seier Pat Brown, administrerande direktør i Impossible Foods.

Annonse

– Det er vanskeleg å førestille seg ei sterkare påteikning, seier han.

Til ulikskap frå andre vegetar-alternativ, er dei nye plantebaserte burgarane populære også blant kjøtelskarar. Eit marknadsundersøkingsbyrået har funne ut at 90 prosent av kundane som kjøper burgaralternativa er kjøtetarar som trur produkta er sunnare for dei og betre for miljøet. Det seier Darren Seifer, ein av analytikarane i marknadsundersøkingsbyrået, som for litt sidan spådde at plantebasert kjøt vil bli i marknaden på grunn av at det er så populært i millenniumsgenerasjonen.

– Dei to store kjedene, Beyond og Impossible, har kopiert burgaropplevinga utan å måtte ofre smaken av burgar. Difor er det mange forbrukarar som no føler at dei har eit sunnare alternativ. Dei reduserer mengda kjøt dei et, og det får dei til å føle seg betre, seier Seifer.

«Kjøttdeig» av den veganske kjøterstatninga Beyond Beef. Foto: Beyond Meat
«Kjøttdeig» av den veganske kjøterstatninga Beyond Beef. Foto: Beyond Meat

Null kolesterol

Både Impossible Foods og Beyond Meat seier at byggesteinane i burgarane deira er plantar. Beyond-burgaren har om lag 18 ingrediensar, inkludert reint erteprotein, kokos- og rapsolje, risprotein, potetstivelse og raudbete-ekstrakt. Dei seier at dei ikkje brukar noko form for genmodifiserte eller kunstig framstilte ingrediensar.

Impossible-burgaren er laga med mange av dei same ingrediensane, men får proteinet sitt i stor grad frå soya og potet. I tillegg brukar dei jernhaldig soya for å forsterke kjøtsmaken.

Begge produkta brukar såkalla metylcellulose, eit plantederivat som er mykje bruka i sausar og iskrem, som ei form for bindevev.

Planteburgarane frå Impossible og Beyond har liknande mengder protein og kaloriar som ein kjøtburgar, men mindre metta feitt – og null kolesterol.

Dei inneheld også fiber. Det gjer ikkje kjøt. Planteburgarane inneheld også vesentleg meir natrium: om lag 16 prosent av den anbefalte daglege mengda. Ein rå 100 grams kjøtburgar har om lag 75 milligram natrium. Til samanlikning har Impossible-burgaren 370 milligram og Beyond-burgaren 390.

Beyond Burger er populær på den amerikanske marknaden. Foto: Beyond Burger
Beyond Burger er populær på den amerikanske marknaden. Foto: Beyond Burger

6,4 milliardar burgarar

Denne hausten, melder The New York Times, har Burger King hatt sitt beste kvartal på fire år. Dei seier sjølve at det skuldast salet av den plantebaserte Impossible Whopper-burgaren. Meir enn 50.000 matbutikkar og restaurantar, inkludert Subway, KFC og Dunkin' Donuts, tilbyr produkt frå Beyond Meat eller Impossible Foods.

Trass i populariteten til dei plantebaserte burgarane, er det framleis kjøtburgarar som er det overveldande mest populære alternativet på restaurantar. Amerikanarar kjøpte 6,4 milliardar kjøtburgarar på hurtigmatrestaurantar frå mai 2018 til mai 2019, samanlikna med 228 millionar plantebaserte burgarar i same periode.

Neste artikkel

– Et godt, sunt og vegetarisk måltid legger grunnlaget for god læring