Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Deler ut 27 millionar kroner til oksesæd, larver og frukt

Tre prosjekt innan landbruk og matindustri har fått til saman 27 millionar kroner frå Forskingsrådet.

 Avfall frå larveproduksjonen kan kanskje nyttast til jordforbetring. Foto: Kari Nygard Tvilde
Avfall frå larveproduksjonen kan kanskje nyttast til jordforbetring. Foto: Kari Nygard Tvilde

Forskingsrådet har til saman delt ut 27 millionar kroner til tre prosjekt i norsk landbruk.

SpermVital, som eigast av Geno og Sintef, får mellom anna 13,5 millionar kroner til å utvikle teknologien som blir brukt i inseminering av kyr.

– Når teknologien skal vidare ut i verda, er desse midlane sentrale, seier Nils Christian Steig, i SpermVital.

Spermvital skal vidareutvikle spaghettisæden som gjer insemineringa meir effektiv. Foto: Siri Juell Rasmussen
Spermvital skal vidareutvikle spaghettisæden som gjer insemineringa meir effektiv. Foto: Siri Juell Rasmussen

Teknologien fungerer slik at vindauget for inseminering blir større. Spermaet blir frigitt over lenger tid, slik at kua kan bli inseminert når brunstsymptoma viser.

Selskapet har fått midlande for å skalere opp og effektivisere produksjonen av denne teknologien.

Annonse

Larveavfall og frukthandsaming

Dei to andre som har fått midlar frå Forskingsrådet er Ecoprot AS og Hardanger fjordfrukt SA. Dei har fått høvesvis 8,8 millionar kroner og 4,6 millionar kroner.

Ecoprot skal sjå på moglegheitene for å utnytte restavfallet frå larveproduksjon til jordforbetring, og Hardanger fjordfrukt får støtte til å utvikle teknologiske løysingar for å handtere frukt.

– Forsking og innovasjon er ei føresetnad for å oppnå ein konkurransedyktig og berekraftig mat- og landbruksindustri. Næringslivet spelar ei viktig nøkkelrolle i utviklinga som no er i ferd med å skje, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding.

Vil ha fleire bedrifter

Regjeringa og Forskingsrådet vil i tida framover investere om lag 400 millionar kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet.

– Dette er eksempel på forsking med utgangspunkt i landbruket som har vist seg å ha eit stort eksportpotensial. Bra for den enkelte bedrift og bra for Norge som forskingsbasert landbruksnasjon. Vi ønsker at fleire bedrifter søker støtte frå oss, seier områdedirektør i Forskingsrådet, Anne Kjersti Fahlvik.

Dei prøver òg å gjere behandlinga av søknadane raskare, slik at prosjekta kan kome fortare i gong.

Neste artikkel

Bondelaget og regjeringen vil få slutt på arbeidslivskriminalitet i landbruket