Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei vel Tall Ships' Races i sommarferien

Medan nokre drar til Syden på sommarferie, mønstrar andre ungdomar på ei stor seglskute.

SKIP O'HOI: Liv Nora Frorud (17) (t.h.) og Denise Saniei (18) skal delta i den største kappseglasen i verda. FOTO: Berit Roald / NTB scanpix

– Det blir ein annleis ferie, smiler Liv Nora Frorud (17) og Denise Saniei (18).

Dei er to av mange ungdommar som kvar sommar mønstrar på ei seglskute for å vere med på Tall Ships’ Races. Mellom 3. juli og 4. august er det duka for det som er den største regattaen i verda for seglskuter. 2.600 seglar i år førsteetappen mellom Ålborg og Fredrikstad.

Liv Nora er med for tredje gong denne sommaren. Denise har aldri segla før.

– Eg er veldig gira! Eg har null segleerfaring, så det blir veldig spennande, seier Denise.

Intensjonen med regattaen er å fremme kunnskapar om sjømannskap blant ungdommar frå ulike kulturar. Heile 19 ulike nasjonalitetar er representerte på laga som skal konkurrere saman.

– Vi har rekruttert 160 medseglarar frå heile landet, fortel Ingar Guttormsen, prosjektleiar for arrangementet i vertskapsbyen Fredrikstad.

68 skuter med segleentusiastar frå alle verdshjørne stiller på startstreken, klare for førsteetappen over Skagerrak. Når Liv Nora og Denise går i land, vil dei ha unnagjort 210 nautiske mil – nesten 390 kilometer – til sjøs.

– Det blir ein fantastisk tur, trur Liv Nora.

Bite av båtbasillen

Ho debuterte i Tall Ships' Races i 2015, då ho segla med Sørlandet frå Kristiansand til Belfast. Det er ikkje krav til forkunnskapar for å delta i seglasen. Medseglarane får heller inga spesiell opptrening på førehand.

– Eg hugsar eg tenkte: Kva har eg meldt meg på no? ler Liv Nora. Seglbåtbasillen beit ho med det same. No er ho ambassadør for Tall Ships' Races i Fredrikstad, medan ho til dagleg går på vidaregåande skule.

Liv Nora mønstra på Statsraad Lehmkuhl i fjor. I år er ho tilbake på det 97 meter lange skipet som høyrer heime i Bergen.

Denise er lærling i Kulturetaten i Fredrikstad kommune og har jobba mykje med å spreie informasjon om arrangementet til ungdom gjennom sosiale medium.

– Det gav meg lyst til å vere med sjølv. Det verka som ei minneverdig oppleving, seier Denise. Ho mønstrar på klasse B-skuta Johann Smidt frå Tyskland.

Fleirkulturelt fellesskap

Om bord på skutene samarbeider folk frå ulike land om å segle trygt og raskt. Dei må ta vare på kvarandre i utfordringane av alle slag.

– Viss mannskapet på ein båt ikkje klarer å jobbe saman, går du anten på grunn, eller så søkk du. Det er ein unik læringsprosess med tett samarbeid, fortel Ingar Guttormsen, som også segla med Statsraad Lehmkuhl i fjor.

Annonse

Det er ikkje berre samarbeidd som er tett: Om natta søv ein side om side i hengekøyer under dekk.

– Det er herleg å sove i hengekøye, synest Liv Nora, – men det er nok ikkje alle som er samde med meg!

Medseglarane har varierte oppgåver å ta seg av om bord på seglskipa.

– Ein går på vakt to gonger om dagen. Då er ein med på å setje segl, ta opp masta, dra i tau og alt mogleg sånt, fortel Liv Nora. – Når vi ikkje er på vakt, speler vi mykje kort – det blir det mykje av, for det er ikkje internett eller mobildekning på havet.

NORSK GIGANT: Liv Nora Frorud (17) skal segle med Statsraad Lehmkuhl. Det 97 meter lange skipet er det største i seglasen. Her er «Statsraaden» på veg inn mot Fredrikstad etter Tall Ships' Races i 2014. FOTO: Anette Karlsen / NTB scanpix

Digital detox

Sosiale medium er ein stor del av kvardagen til jentene. Liv Nora seier det er frigjerande å sleppe unna under seglasen.

– Sommarferien er heilt klart tida for å skape gode minne ein hugsar livet ut, seier Denise. – Eg tilrår verkeleg å legge vekk den telefonen litt og oppleve noko nytt.

Organisasjonssjef Aida Tesfai i Mental Helse Ungdom er samd med Denise: det er viktig at ungdom koplar av.

– Stadig fleire rapporterer til oss om dårleg søvnkvalitet. Dei blir forstyrra av å vere tilgjengelege heile tida, fortel Tesfa. – Vi har vorte så vande til å bli avbrotne av varslar på telefonen. Det ville vore veldig forstyrrande i eit samarbeid som ein slik seglas er.

For Denise blir det likevel ikkje ein heilt mobilfri segltur: ho skal nemleg administrere Snapchat-kontoen til Tall Ships’ Races Fredrikstad undervegs og oppdatere følgarane når mobildekninga tillèt det.

Skrekkblanda fryd

Nokre kan synast det er utfordrande å dra åleine på seglas med folk ein ikkje kjenner. Mental Helse Ungdom meiner eit opplegg som Tall Ships' Races kan gjere det lettare å bli kjent fordi ein gjer noko så konkret saman og har eit felles fokus.

Jentene trur fleire unge ville hatt godt av å gjere noko utradisjonelt i ferien.

– Bruk sommaren til å gjere noko som er litt utanfor komfortsona. Kom deg ut og bli kjent med nye folk. Då vil du få minne for livet, oppmodar Liv Nora.

Like før avreise byrjar nervane å bygge seg opp.

– Eg er litt sjøsjuk, så det kan bli ubehageleg, fryktar Denise, – men eg har med meg medisinar.

Gleda overskygger nervøsiteten: Liv Nora fortel om vakre solnedgangar, og om å klatre opp i masta og sjå niser og delfinar hoppe omkring skuta. Sjølv gruer ho seg ikkje til nokon ting: – Eg berre gler meg!

Neste artikkel

Landskappleiken: Historiske Vilde vant halling-klassen