Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jobbar på spreng for å redde dei tre snøfaste sauene

I meir enn ei veke har ein sau og to lam stått fast i ei fjellside i Tromsø. Bonden som eig dei prøvde å redde dei etter eit kraftig snøfall, men fekk det ikkje til. No har han fått nytt håp.

Sauen og dei to lamma står bom fast i fjellet. Foto: Bernt-Ole Berntsen

– No har me prøvd å hjelpe dei ned i lang tid. Me har vore opp med helikopter for å sjå om me kunne heise dei ut. Diverre var vêrforholda for vanskelege, seier sauebonde Alvin Berntsen.

Det var NRK som fyrst omtala saka.

På seinsommaren gjekk ein sau med to lam litt lenger opp i fjellsida i Tromvika på Kvaløya i Tromsø enn vanleg. Det enda med at dei ikkje fann vegen tilbake.

– Me hadde eit håp om at dei ville klare å kome seg ned att, men plutseleg kom snøen, seier Berntsen.

Dette er utsikta ned frå fjellhylla der sauene står fast. Foto: Bernt-Ole Berntsen
Annonse

Augnar håp

For tre veker sidan kom det eit stort snøfall over Troms fylke. Det resulterte i at sauen og lamma blei fanga i fjellsida, omringa av snø og utan mat.

Dei får nesten ikkje røre seg i det heile.

Bonden har snakka med erfarne fjellklatrarar om å ta ein tur opp, men på grunn av rasfare blir det umogleg. Då korkje det eller helikopter-planen fungerte, var ein siste utveg å kunne avlive dyra frå helikopteret. Dette har dei i midlertid ikkje lov til å gjera, då ein må ha eit spesielt løyve for å få lov til å skyte frå eit helikopter.

Torsdag ettermiddag fortel Berntsen Nationen at han ventar på ein telefon frå Norsk luftambulanse. Det er mogleg at dei kan hjelpe til med å hente sauene ned frå fjellet. Viss ikkje er han i kontakt med ein jeger som kan få avlagt ei prøve i morgon, for så å bli med helikopteret opp att og avlive dyra.

Berntsen har drive med sau i over førti år, og har vore redd for at det ikkje har vore meir å gjera for dei stakkars dyra.

– Dette er ein ufatteleg dyretragedie, og dei går ein pinefull død i møte, sa Berntsen til NRK onsdag. No kan det altså hende at det er håp i horisonten.

Neste artikkel

Prognose: Ventar aukande overskot av gris og svikt i salet av lam