Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei norske isbreane smeltar i rekordfart i hetebølgja

Varmerekordane landet rundt kan føre til at fleire av dei norske isbreane forsvinn om få år. Det kan få store konsekvensar.

Svartisen i Nordland. Foto: Mariann Tvete
Svartisen i Nordland. Foto: Mariann Tvete

Det varme vêret dei siste vekene har ført til mykje smelting frå isbreane, skriv NRK.

Professor i geologi ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje, seier at auken i smelting dei siste dagane har vore merkbar.

– Me har hatt temperaturar på over 30 grader, og det er klart det fører til stor smelting både på snøen som ligg igjen og på breane, seier han.

Smeltinga fører til at breelvane nesten går i flaumvassføring. Nesje fortel NRK at han fekk tilsendt eit bilete av fossen frå Briksdalsbreen på sundag.

– Eg har nesten ikkje sett den så stor nokon gong.

Annonse

Sjølve breen har derimot trekt seg kraftig tilbake dei siste åra.

Konsekvensar for jordbruket

Nesje peikar på at viss utviklinga held fram, vil ein del av dei mindre breane våre kunne forsvinne heilt om få år.

– Dei større breane vil ligge i mange år enno, men vi ser at brearmane kryp oppover og blir stadig kortare.

– Kva kan konsekvensane av bresmeltinga vere?

– Når breane blir mindre blir det også mindre smeltevatn, noko som kan få konsekvensar for vatning og jordbruk. Ein del vassmagasin kan òg stå i fare for å forsvinne heilt, i tillegg til at ein del vasskraftverk er avhengige av vatn frå breane, seier Nesje.

Neste artikkel

Tine gikk bort fra pappbegre – nå satser de igjen