Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Danske bønder skal redde rådyrkalvar med dronar

Kvart år blir opptil 20.000 rådyrkalvar drepne i danske åkrar i samband med slåtten. Ei gruppe bønder har no funne ei løysing på problemet.

Mange tusen rådyrkalvar blir drepne av slåmaskiner under slåtten kvart år. Foto: Privat
Mange tusen rådyrkalvar blir drepne av slåmaskiner under slåtten kvart år. Foto: Privat

Ulykkene skjer fordi mange kalvar søker ly i beitemarkene bøndene slår. For å få bukt med problemet gjekk tre danske bønder og Sørvest brannvesen saman om å teste ut dronar i arbeidet med å ta vare på dei små kalvane, skriv den danske landbruksavisa Maskinbladet.

Forsøket viste at ein drone med eit varmesøkjande kamera kan bidra til å redde liva deira.

Brukar pappøskjer

Annonse

Under forsøket fann dei ikkje rådyrkalvar i det aktuelle området, men harar og fasanar blei funne. Dette viste dei at dronane kan utgjera ein skikkeleg forskjell.

– Ein nyfødd rådyrkalv fyller ikkje meir enn ein tallerken når den er krølla saman i åkeren. Kalven er nesten umogleg å få auge på i det høge graset, og ein må faktisk trø på den før den reiser seg og spring av stad. For sjåføren av ei slåmaskin er det ikkje mogleg å sjå kalven, men forsøket vårt viste at bruken av dronar er fantastisk effektiv, seier deltakande brannkonstabel Jens Sandersen.

Rådyrkalvane som blir funne av dronen skal etter planen bli lagde i pappøskjer til bonden er ferdig med å hauste i åkeren. Kalvane blir så returnerte til stadane dei blei funne.

– Når me kan gjera det på den måten har me gode erfaringar med at mora kjem tilbake og tek seg av kalven sin, seier Sandersen.

Neste artikkel

Lokalt jegerforbund tilbyr å søke jordene før slåtten – vil unngå dyredød