Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dansk grensegjerde skal stanse sjuke villsvin

Regjeringa i Danmark vil byggje eit gjerde langs grensa til Tyskland for å stanse villsvin som er smitta av den frykta afrikanske svinepesten.

Afrikansk svinepest er ikkje farleg for menneske, men nesten alltid dødeleg for grisar og villsvin.Foto: Ingjerd Sørlie Yri
Afrikansk svinepest er ikkje farleg for menneske, men nesten alltid dødeleg for grisar og villsvin.Foto: Ingjerd Sørlie Yri

Regjeringa i Danmark vil byggje eit gjerde langs grensa til Tyskland for å stanse villsvin som er smitta av den frykta afrikanske svinepesten.

Den borgarlege regjeringa og Dansk Folkeparti – kjend for sin sterke motstand mot innvandring – blei torsdag samde om gjerdet.

Bakgrunnen for tiltaket er frykt for at sjuke villsvin skal springe over grensa frå Tyskland og smitte danske griser. Det kan få store konsekvensar for landbruket.

Les også: Tyske bønder fryktar utbrot av svinepest

– Eg vil ikkje ta noko risiko. Dette er ein milliardeksport på 11 milliardar kroner årleg, seier miljø- og næringsmiddelminister Esben Lunde Larsen.

Han åtvarar om at utbrot av svinepest vil stanse all eksport av svin til tredjeland med det same.

• Les også: Dobling av den finske villsvinbestanden

Annonse

– Eit gjerde vil både hindre eventuelle smitta villsvin i å springe over grensa, og gjere innsatsen for å utrydde villsvina i Danmark lettare for jegerar.

Det må bli vedteke ei ny lov for å byggje gjerdet, som skal strekke seg 7 mil langs grensa. Det er venta at gjerdet vil bli 1,5 meter høgt og stikke ein halv meter ned i bakken.

Afrikansk svinepest er ikkje farleg for menneske, men nesten alltid dødeleg for grisar og villsvin. Nye tilfelle er dei siste månadene registrert i Polen og Tsjekkia, og styresmaktene i Tyskland er i alarmberedskap for å hindre at sjukdommen spreier seg.

• Les også Ragna Kronstad i spalta Faglig snakka: Den nødvendige fremmedfrykten overgås av næringsinteresser.

©NPK-NTB-Ritzau

Neste artikkel

En bølge av lokalt norsk øl til Berlin