Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dale i gang med ny strategi for økologisk jordbruk

Landbruksdepartmentet bed om innspel til ny strategi for økologisk jordbruk i Noreg.

Bed om innspel: Landbruksminister Jon Georg Dale Foto: Vegard Wivestad Grøtt/Scanpix
Bed om innspel: Landbruksminister Jon Georg Dale Foto: Vegard Wivestad Grøtt/Scanpix

Regjeringa skal utarbeide ein strategi for økologisk jordbruk. Strategien skal bidra til vidareutvikling av økologisk produksjon og forbruk. Dei ønskjer òg innspel frå aktørar innan økologisk jordbruk i arbeidet med strategien.

Strategien tar utgangspunkt i at økologisk produksjon bidrar til å gi forbrukarane produkt dei ønskjer i tillegg til eit auka matmangfald, heiter det i ei nyheitssak frå Landbruks- og matdepartementet.

Les også: Oikos: – Uklok økoløsning å vrake målet nå

Samarbeid med næringa

I tråd med føringar frå Stortinget skal strategien utarbeidast i samarbeid med relevante aktørar. Det er nedsett ei arbeidsgruppe beståande av Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Oikos- Økologisk Norge og ei breitt samansett referansegruppe med aktørar frå heile verdikjeda. Landbruksdirektoratet skal fungere som sekretariat for arbeidet. Arbeidsgruppa inviterer alle relevante aktørar til å gi innspel om vidareutvikling av økologisk jordbruk. Dei ønskjer innspel om desse problemstillingar: Kva er dei tre største utfordringane for økologisk produksjon og forbruk, og kva faktorar er dei tre viktigaste for utvikling av økologisk produksjon og forbruk.

Annonse

Les også: Kraftig salshopp for øko-mat i butikk

Les også kronikk fra Oikos: Derfor trenger vi klare økomål

Neste artikkel

En bølge av lokalt norsk øl til Berlin