Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Cruisevekst i vest – dei store destinasjonane aukar mest

Dei store cruisehamnene som Stavanger, Geiranger, Ålesund og Flåm bidrar til vekst i talet på cruiseanløp i 2019.

Cruiseskipet AIDAsol frå AIDA Cruises på veg ut frå Ålesund i Møre og Romsdal. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

Sjølv om veksten frå 2018 til 2019 er mindre enn tidlegare år, har dei fleste cruisedestinasjonen på Vestlandet stabile besøkstal.

Nokre hamner får også færre cruiseskip på besøk i år, men 2019 gir ein trafikkauke på litt over 6 prosent for Vestlandet. Frå 2017 til 2018 var veksten på 12 prosent. For heile landet er veksten frå i fjor nær 8 prosent, viser tal Nynorsk pressekontor har henta inn.

Innovasjon Noreg gir ut prognosar og statistikk over cruiseturismen til Noreg. Ein tidlegare rapport viser at 3 prosent av den globale marknaden seglar til Noreg og at Fjord-Noreg har over 70 prosent av den norske marknaden. No opplyser det statlege selskapet at dei ikkje har dei endeleg tala for 2018 og viser til det plar komma ein rapport om hausten.

Men dei fleste store og små hamnene fekk besøk av fleire cruiseskip i fjor. Det kom til saman 174 fleire skip til Vestlandet enn året før. I 2019 er det forventa litt over 100 fleire anløp.

Tabellen viser tala på cruiseanløp til hamner på Vestlandet dei siste åra. Tala for 2019 er planlagde anløp. Tabellen er sortert etter kven som får flest anløp i år. Illustrasjon: NPK

Auke trass restriksjonar

Verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Geirangerfjorden er populære reisemål for cruiseturistar. Og Flåm, Geiranger og Hellesylt er blant dei som tar i mot flest turistskip i året. Flåm ligg an til ein trafikkvekst på 6,5 prosent i år, viser ei oppdatert anløpsliste frå Aurland Hamn.

For Geiranger og Hellesylt er trafikkauken på 17 prosent frå i fjor. Geiranger har innført ein restriksjon på 6.000 cruisegjester kvar dag. Medan litt over 80 dagar var fullbooka i Geiranger fjor, er over 90 fullbooka i 2019.

– Vestlandet er fantastisk populært og me er ei attraktiv hamn, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda Hamnevesen. Ho forklarer at dei har utnytta ledig kapasitet og ledige dagar og slik utvida sesongen.

Samanlikna med i fjor er anløpstala for juli nokså like, men det er ein auka i til dømes juni og august. Hamna reknar med at besøkstalet også aukar neste år, kjem det fram av strategi- og handlingsplanen deira. Hamnesjefen tar likevel høgde for at dei nye miljøkrava for verdsarvfjorden kan påverka veksten.

– Reiarlaga har tilpassa seg krava, men det kan framleis komma avbestillingar både for 2019 og 2020, seier Maraak.

Auken me ser i 2020 kan vera skip som ikkje slepp inn i verdsarvfjorden. Vik skal i nær framtid ta stilling til kva våre miljøkrav skal vera.

Odd Rune Turvoll, næringssjef i Vik kommune

Tilpassingar og svingingar

Vik i Sogn er ein av stadane som kan få fleire besøk på grunn av strengare krav i Flåm, lenger inn i Sognefjorden. I år kjem det etter planen 19 cruiseskip, men til neste år er det allereie booka 29 anløp til den vesle kommunen på sørsida av Sognefjorden.

– Auken me ser i 2020 kan vera skip som ikkje slepp inn i verdsarvfjorden. Vik skal i nær framtid ta stilling til kva våre miljøkrav skal vera. Avhengig av kva miljøkrava blir, kan talet på anløp bli færre, skriv næringssjef Odd Rune Turvoll i Vik kommune i ein e-post.

Annonse

Andre stader er endringane ikkje like enkle å forklara. For destinasjonane i Romsdalsfjorden, Molde, Åndalsnes og Eresfjord, blir 2019 ein tur ned i bølgjedalen. Talet på cruiseanløp fell frå 120 til 90 i år, utan at Molde og Romsdal hamn veit kvifor.

– Me ser ikkje noko spesifikk grunn til denne svinginga. 2020 ser ut til å bli ein opptur igjen, seier marknadsansvarleg Jorid Søvik.

Tabellen viser talet på anløp for dei mest populære cruisehamnene i Noreg. Tala for 2019 er planlagde anløp. Illustrasjon: NPK

Stavanger aukar

Nasjonalt er det verdt å merka seg auken i Oslo (frå 100 til 125), Bodø (frå 17 til 30), Longyearbyen (frå 50 til 66) og Ålesund (frå 171 til 189). Men ingen veks meir enn Stavanger, som aukar med 55 anløp til totalt 242.

I oljehovudstaden blir det i år 150 dagar med cruiseskip ved kai, og byen kan venta seg opp mot ein halv million cruisegjester, kjem det fram av anløpslista.

– Det er ein auke til mange destinasjonar. Me har ein sterk auke fordi me har lagt godt til rette for cruiseturistane. Skipa kan leggja til heilt inne i sentrum og Preikestolen er ikkje langt unna. Det er det heilskaplege tilbodet som lokkar, seier hamnesjef Merete Eik.

I 2020 kjem det endå fleire cruiseskip og hamnesjefen ventar spent på ein ny, miljøvenleg gjest.

– Då får me besøk av det første cruiseskipet i verda som går på flytande gass. Det skal kome 19 gonger og utgjer slik om lag 20 prosent av anløpa, fortel Eik.

Ho er snar med å streka under at hamna har søkt Enova om støtte til landstraum, og at dei var først ute med innføra «environmental port index» (EPI) i januar. Stavanger gir rabatt til skip som får gode resultat i miljørekneskapen EPI. Skip som forureinar mest, må altså betala meir i avgifter. Frå mai skal også Bergen bruka miljørekneskapen for cruiseskip.

Bergen kan få færre anløp

I motsetnad til Stavanger, aukar ikkje cruisetrafikken til Bergen. Den største cruisehamna i Noreg hadde i fjor 342 besøk. Til no er det meldt inn 327 anløp for 2019, men talet kan endra seg.

– Det er enno tidleg i sesongen, seier kommunikasjonsleiar Astrid Tomassen i Bergen Havn.

Bergen har rett nok innført fleire restriksjonar, som til dømes ei grense på tre skip per dag, men Tomassen kan ikkje seia at det er årsaka til færre anløp.

Forureininga frå cruiseskipa har vore mykje diskutert i byen og andre cruisedestinasjonar. Politikarane i Bergen vil regulera trafikken strengare og cruisehamna har ambisjon om å bli ein av dei mest miljøvenlege i verda. Bygginga av landstraum og kartlegginga av miljøavtrykket til skipa gjennom ei EPI-kartlegging medan dei ligg til kai, er nokre av tiltaka.

– Skipa som forureinar mest kan få 150 prosent auke i avgiftene, forklarer Tomassen, som legg til at dei no informerer reiarlaga om det nye systemet.

Tabellen viser cruisehamnene som får størst prosentvis auke i trafikken frå 2018 til 2019. Merk at små tal gir store utslag, som for Bodø og Vik i Sogn. Bodø aukar frå 17 til 30 anløp i 2019 medan Vik går frå 12 til 19 cruisebesøk. Illustrasjon: NPK

Neste artikkel

Pelsdyr-forbodet rammar fôrlaga: - Mange kan hamne på Nav