Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Cruiseturisten legg igjen 600–700 kroner

Cruiseturistar som går i land i Noreg, brukar mellom 600 og 700 kroner, fortel ein fersk rapport.

Cruiseskip ved kai i Geiranger. Foto: Kirsten Offerdal / NPK

– Me ser at det er enorme forskjellar: Nokre få brukar veldig mykje pengar og mange cruisepassasjerar bruker nesten ingenting, seier forskar Petter Dybedal ved Transportøkonomisk Institutt (TØI) til Dagens Næringsliv.

I år er det venta eit nytt rekordår for cruisetrafikk til Noreg. Prognosane frå Innovasjon Noreg og Cruise Norway fortel at norske cruisehamner til saman kan få om lag 3,5 millionar cruiseturistar på besøk.

Det er dei store cruisehamnene som Stavanger, Geiranger, Ålesund og Flåm som bidrar til vekst i talet på cruiseanløp på Vestlandet i 2019, viser ein gjennomgang Nynorsk pressekontor gjorde i vår. Bergen, den største cruisedestinasjonen i Noreg, får besøk av færre skip, men om lag like mange passasjerar.

Trass mange cruisepassasjerar viser rapporten frå TØI, som har gått gjennom ti ulike undersøkingar mellom 2005 og 2018, at cruiseturistane i snitt ikkje brukar meir enn 700 kroner.

Annonse

NHO Reiseliv meiner det er viktig å få til harmoni mellom dei som bur ved ei cruisehamn, og dei som seglar inn på flytande hotell.

– Cruiseturistane kan ofte leggja igjen lite pengar og mykje frustrasjon, seier næringspolitisk fagsjef Ole Michael Bjørndal til avisa.

Bjørndal viser til at det somme plassar blir stor trengsel, men at NHO ikkje vil forby cruise.

– Men det er eit problem om cruisetrafikken ikkje blir møtt med aktiv forvaltning frå kommunen, seier han.

TØI-rapporten svarar ikkje på kor mykje pengar ein cruiseturist brukar i Noreg samanlikna med andre turistar. Eit anslag frå Innovasjon Noreg frå 2014 fortel at ein «landbasert turist» bruker omtrent 50 prosent meir per døgn enn ein cruiseturist.

Neste artikkel

Erna får æren for besøksrekord for Preikestolen