– I Noreg må vi bestemma oss for om vi vil ha turistar som kjem hit med cruiseskip eller om vi skal skremma skipa vekk. Konsekvensen av kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane er at 89–90 prosent av skipa som besøkjer farvatna våre, blir borte, seier Helge Hermundsgård til Bergens Tidende.
Han er direktør for forretningsutvikling i selskapet DNV GL, og har i fleire år arbeidd med grønt skipsfartsprogram, fortel avisa.
Hermundsgård var onsdag ein av føredragshaldarane på ein cruisekonferanse i Bergen. Under konferansen skal både Hermundsgård og fleire frå cruisenæringa ha åtvara om nullutsleppskrava vil få dramatiske konsekvensar for cruisenæringa.
Spådommen til forretningsutviklaren Hermundsgård er at nullutsleppskravet i verdsarvfjordane frå 2026 vil bety slutten på det aller meste av cruisetrafikken i desse fjordane og dermed også på levebrødet til mange som lever av cruise i Noreg.
Dagleg leiar for den maritime klyngja Maritime Clean Tech, Hege Økland, meiner det er viktig å halda fast på kravet om nullutsleppskravet i verdsarvfjordane frå 2026.
Under konferansen peikte ho ifylgje Bergens Tidende på at strenge krav er med på å driva fram nye tekniske løysingar. Dersom krava blir utsette, fryktar ho at omstillinga vil gå saktare.
Økland skal også ha oppmoda cruisenæringa om å byggja mindre cruiseskip som gjev mindre press på turistmåla. Før ein kjem så langt, skal ho ha peikt på at cruisepassasjerane kan fraktast inn i fjordane med mindre utsleppsfrie fartøy, medan cruiseskipa blir liggjande på landstraum utanfor turistmåla.