Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Coop trekker tilbake produkt

Coop trekker tilbake pizza kit 600 gram frå produsenten Wewalka etter mistanke om metall i pizzasausen.

736 glas med pizzasaus kan innehalde metallspon. Foto: Coop
736 glas med pizzasaus kan innehalde metallspon. Foto: Coop

Det er snakk om 736 glas med pizzasaus frå kittet som kan innehalde metallspon etter at dei oppdaga at røret som syg pizzasausen opp i glasa under produksjonen, flassar. Alle glas blir tekne røntgen av før dei blir pakka, utan at det har gitt utslag på metall.

Annonse

– Vi ønsker saman med leverandøren likevel å trekke produktet. Kundane skal vere trygge på den maten dei kjøper hos Coop, derfor ønsker vi å vere på den sikre sida, og trekker produktet frå alle våre butikkar, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Norge i ei pressemelding.

– Vi oppmodar alle kundar som har kjøpt produktet med best før-dato 23.07.2020, 06.08.2020 og 13.08.2020 om å levere produktet tilbake til butikk, slik dei kan få att pengane, seier han.

Neste artikkel

Fattigdom og barnearbeid bak Fairtrade-sjokolade