Grunnen skal vere at dei vil «opne nye dører i arbeidet med å løfte fram bygder, lokalsamfunn og distrikt».
Det går fram av ei pressemelding.
– Sjølv om vi no byter namn til Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, skal det ikkje vere tvil om at forskingsområda våre held fram å vere bygdesamfunn, lokalsamfunn, ressursforvalting, distriktsnæringar, næringsutvikling og verdikjedene for mat og kommunal- og regionalutvikling, heiter det i pressemeldinga.
Annonse
Norsk senter for bygdeforskning er ei samfunnsvitskapleg forskingsstifting som forskar på tema knytt til Distrikts-Noreg.