Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Burde me eta mindre kjøt?

Fleirtalet av landbrukspolitikarane som fekk dette spørsmålet under ein debatt i Arendal svarte nei. Venstre og MDG svarte ja. Matprat og Animalia verdset kvart «nei». – Me meiner at norskprodusert kjøt er både sunt og klimasmart, seier dei.

Politikarpanelet utveksla meiningar om kjøtforbruket i Noreg. Frå venstre: Terje Halleland (Frp), Geir Pollestad (Sp), Sveinung Rotevatn (V), Harald Moskvil (MDG), Olaug Bollestad (KrF), Margunn Ebbesen (H) og Nils Kristen Sandtrøen (Ap). Foto: Line Omland Eilevstjønn

I kjølvatnet av den nye rapporten frå FNs klimapanel (IPCC) i førre veke, som meiner at me må gjera drastiske endringar for å kutte klimautsleppa, gjekk fleire ut og sa at kjøtforbruket er noko nordmenn kan gjera noko med.

Tysdag kveld var politikarar og professorar samla til debatt framfor ivrige publikummarar i eit gloheitt lokale i Arendal. Temaet var kjøtproduksjon. Mange av dei var einige om at me ikkje treng å kutte i kjøtforbruket her til lands, men fekk motstand av Venstres statssekretær i Klima- og miljødepartementet Sveinung Rotevatn og landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i MDG.

Debatten var i regi av Matprat og Animalia, og direktør i Matprat, Dag Henning Reksnes, opna arrangementet.

Vidare heldt professor Odd Magne Harstad ved NMBU og dagleg leiar Marius Holm i miljøstiftelsen Zero kvart sitt innlegg. Dei var einige om fleire ting, mellom anna at norsk landbruk absolutt kan vera berekraftig viss me tar medvitne val og nyttar dei areala me har.

– Både mjølke- og kjøtproduksjonen vår er berekraftig viss me gjer det med norske prinsipp, seier Harstad.

– Et mindre kjøt, men ikkje null. Då blir jordbruksarealet me alt har heilt ubrukeleg. Me må kutte i bruk av fossil energi, passe på metanutslepp og nytte areala våre, seier Holm.

– For mykje fokus på kjøt

– Er me så spesielle her i Noreg at me kan snakke om ein særeigen politikk for landbruket vårt, uavhengig av FNs klimaråd? spurde debattleiar Aslak Bonde panelet. Han ønskte seg eit ja eller eit nei frå kvar av dei.

Landbrukspolitisk talsperson i Ap, Nils Kristen Sandtrøen, svarte ja. Det gjorde også Høgres landbrukspolitiske talsperson Margunn Ebbesen, Geir Pollestad i Senterpartiet og Terje Halleland i Frp.

– Det er for mykje fokus på kjøt i klimadebatten. Men, me kan gjera grep, som å passe på at me berre har norsk kjøt i kjølediskane og mindre matkasting, seier Pollestad.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) sa også ja. Ho viste til at det i rapporten blir lagt vekt på å nytte den dyrka marka ein har i landet sitt.

Moskvil (MDG) gav eit klart og tydeleg nei, til applaus frå ei gruppe tilhengarar i publikum.

Rotevatn (V) fekk på si side ikkje svart eit definitivt ja eller nei.

– Ja, men me kan vri produksjonen ein god del. Det er rett å gjera i eit klimaperspektiv. Nokon må ikkje slutte med alt, alle må slutte med noko, seier Rotevatn.

Fleire på ja-sida meinte det var viktig å hugse på at mykje av den dyrka marka i Noreg ikkje passar til anna enn kjøtproduksjon.

Då Bonde spurde om me burde eta mindre kjøt var Rotevatn og Moskvil dei einaste som sa ja.

Annonse
Direktør Dag Henning Reksnes i Matprat og direktør Tor Arne Ruud i Animalia var fornøgde med å ha fleirtalet av politikarane med seg på at norsk kjøtforbruk kan halde fram. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Å forstå alvoret

– Det er nokre ting me politikarar ikkje kan rå over. På veg hit trefte eg to ungdommar. Eg sa at eg var på veg til debatt om kjøt. Dei lurte på kva eg skulle seie, og eg svarte at eg tenkte eg ville seie at me må eta mindre kjøt. «Bra. Eg er vegetarianar, eg», sa den eine. «Eg òg», sa den andre. Mange unge et mindre kjøt. Nokon gjer det på grunn av dyrevelferd, og ære vera dei for det, men mange gjer det også fordi det er uroa for klimaet, seier Rotevatn.

Då det blei opna for spørsmål frå publikum var det mange reaksjonar på det som hadde blitt sagt. Ein av dei var:

– De tar ikkje innover dykk alvoret i denne rapporten.

– Tar politikarane innover seg alvoret i rapporten? spør Nationen direktørane Dag Henning Reksnes i Matprat og Tor Arne Ruud i Animalia etter debatten.

– Eg synest at både myndigheiter og næringa tek dette på alvor. Den nye klimaavtalen viser det. Dei har mål og går inn for å nå dei. Kva verktøy ein tar i bruk for å kome dit vil det alltid vera diskusjonar rundt, men å nytte ressursane våre på ein klimavenleg og berekraftig måte er eit mål alle tek på alvor. Det er mitt inntrykk, seier Ruud.

– Meiner de at me er spesielle nok til å ha eigne mål og reglar her i Noreg?

– Me må ta utgangspunkt i natur- og ressursgrunnlaget me har. Skal me ha norsk matproduksjon må me nytte det me har av ressursar, som i stor grad er utmarksbeite og moglegheit for grasproduksjon. Som det blei sagt her i dag så kan me auke produksjonen av korn og grønsaker, men det å tru at me plutseleg berre kan legge bort store delar av kjøtproduksjonen og erstatte den med grønt, det er korkje praktisk mogleg eller ønskeleg, seier Reksnes.

– Eg er einig. Det er ei kompleks sak og ein får utfordringar viss ein plutseleg berre har grønt-produksjon òg. Nokre stader er jorda best eigna for korn og grønsaker, andre stader fôr. Ein må ned på heilt lokalt plan for å sjå kva område som er eigna til kva produksjon, seier Ruud.

– Norsk landbruksproduksjon står for 8,5 prosent av det samla utsleppet. Det betyr at det finst 91,5 prosent anna utslepp. Viss ein har nokre kjempestore feil ein stad så startar ein gjerne med dei. Kan me få redusert utsleppa? Ja, me har gjort det alt. Dei siste åra har det blitt redusert med fleire prosent, og me kan halde fram med det. Men ein produksjon som baserer seg på ku og sau kan aldri få nullutslepp. Og er det eigentleg eit poeng? seier Reknes.

Alle fakta på bordet

Reksnes og Ruud seier at det viktigaste no er å få all korrekt informasjon på plass, slik at ein får ein faktabasert diskusjon. Særleg rundt kjøtforbruk, import av soya, forbruk av kraftfôr og ulike løysingar i landbruket.

– Kor mykje kjøt et me eigentleg? Kor mykje et me med tanke på kosthaldsråda? Det er veldig mange ulike tal som er ute og går. Det ei kjempeutfordring å få alle fakta på plass, seier Ruud.

Dei er einige om at ein må endre produksjonen etter kvart som tida går. Same produksjon i år etter år er ikkje bra.

– Me må ha eit skifte, og i dette må ein kombinere husdyrproduksjon med grønt. Me kan produsere meir frukt og grønt på ein del areal, og det må me gjera, seier Reksnes.

Dei vil også få opp nivået på norskproduserte proteinråvarer av høg kvalitet, slik at ein kan redusere soyaimporten.

I alt er dei fornøgde med debatten, der dei følte dei fekk stønad frå brorparten av panelet.

– Slik eg oppfattar det store fleirtalet av politikarane er dei positive til å nytte arealet vårt til å produsere kjøt. Ingen av dei, utanom to, vil at me skal eta mindre kjøt. Det er me glade for, sidan me meiner at norskprodusert kjøt er både sunt og klimasmart, seier Reksnes.

Neste artikkel

Valgstyret anbefaler at kommunevalget i Evenes ikke godkjennes