Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brasil er råka av både frost og tørke

Uvanlege tilstandar i Brasil går utover kaffibøndene. Om lag 40 prosent av kaffien i verda kjem frå landet.

Illustrasjonsfoto frå kaffiplantasje i Etiopia. NTB-arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn
Illustrasjonsfoto frå kaffiplantasje i Etiopia. NTB-arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn

Det er sju år sidan sist prisen på kaffi var så høg som han er i dag, og han kostar det dobbelte av det han gjorde i fjor. Prisen har gått frå 18 kroner til 36 kroner.

– Det har ein stor auke det siste halvåret, og vi er redd for at han skal auke meir, seier Ulf Stensland til E24. Han er administrerande direktør i kaffibrenneriet Löfbergs.

– Det er ganske alvorleg for avlingane. Om lag 40 prosent av kaffien i verda kjem frå Brasil, og pandemien er framleis utbreidd i landet, seier Stensland.

Ekstrem tørke og frost

Ifølge avisa er det ekstrem tørke som pressar opp prisen på kaffi. Det er ulovleg hogst i Amazonas og klimaendringar som har ført til tørken, som skal vere den verste på 90 år.

– Global oppvarming gjer at kaffien må bli plukka høgare og høgare opp i terrenget. Det gjer at arealet kan bli halvert dei neste 25 til 30 åra, seier Stensland.

Også USA sitt landbruksdepartement seier årets produksjon av kaffi vil vere lågare enn forbruket. Vietnam, som òg er ein stor kaffiprodusent, kan ikkje dekke opp for tapet i Brasil.

Annonse

– Det er stor usikkerheit, og no startar store land som tidlegare drakk te, å drikke kaffi, seier Stensland. Han siktar til India og Kina.

– Vi ser på det som ei sjølvfølge å kjøpe kaffi i dag, men det er ikkje heilt det same som å kjøpe ein liter mjølk. Når store land drikker meir, aukar etterspurnaden i verda, seier han.

– Gladsak for bøndene

Ola Brattås er import- og brennerisjef i kjeda Kaffebrenneriet. Han meiner dette er ei positiv sak for bøndene.

– Det er i utgangspunktet altfor billeg. Mange bønder taper nesten penger på å dyrke han fram, så for mange kaffibønder er dette ein positiv ting, seier han til nettavisa.

Stensland i Löfbergs trur ikkje prisane for kaffi i butikk vil auke stort.

– Prisane er allereie høgare enn dei var, men det er berre med 3–4 kroner. Det er ikkje noko som veltar eit totalbudsjett, seier han.

Neste artikkel

Uenighet om norske sesongarbeidere etter årets sesong