Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brannvesenet og DSB bekymra for den store skogbrannfaren i Sør-Noreg

Tørken på Sørlandet skal vare ut heile juli, og brannvesenet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er bekymra for den store skogbrannfaren.

Eit vatningshelikopter prøver å sløkke delar av ein skogbrann i Lommedalen i sommar. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Vi opplever no den mest krevjande situasjonen vi har hatt når det gjeld skogbrann nokon gong, seier seksjonssjef i DSB Hans Kristian Madsen til Fædrelandsvennen.

Annonse

Likevel meiner han ifølgje avisa dei er så godt førebudde som det er mogleg å vere, med tolv helikopter plassert rundt i Sør-Noreg frå Værnes til Stavanger og Torp.

– Det er ekstremt i år. Eg vil seie vi har ein kritisk situasjon. Derfor har vi styrkt beredskapen kraftig, seier Madsen.

Ifølgje brannmeister Øyvind Erland i Kristiansand brannvesen har bålforbodet og forbodet mot skogdrift vore medverkande årsaker til at det førebels ikkje har vore større utrykkingar.

Neste artikkel

Mjølkepriskuttet: - Dramatisk for bøndene