Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noregs sjømatråd: – Bra for norsk laks om Tyskland set opp kjøttmomsen

Tyske politikarar foreslår å auke momsen på kjøtt for å dempe forbruket og klimagassutsleppa. Det kan vere gunstig for den norske sjømateksporten til Tyskland.

Om Tyskland set opp momsen på kjøtt, kan det blir gode dagar for norsk sjømat i landet. Foto: Kari Hamre / NPK

Det er regjeringspartia Kristelegdemokratane og Sosialdemokratane som no med støtte frå Dei Grøne har foreslått å auke meirverdiavgifta på kjøtt frå 7 prosent som på andre matvarer til 19 prosent. Bakgrunnen er oppmodinga frå FNs klimapanel om å redusere kjøttkonsumet.

Om framlegget blir vedtatt, kan det føre til auka sal av norsk fisk i Tyskland, trur Noregs sjømatråd.

– Auka moms vil dreie konsumet over mot alternativa, mellom anna sjømat, seier marknadsanalytikar Paul T. Aandahl i Sjømatrådet til nettavisa Intrafish.

Annonse

Tyskarane et frå før relativt lite fisk, rundt 13 kilo per innbyggjar, mot til dømes 33 kilo per innbyggjar i Frankrike. Ein stor del av sjømatkonsumet i Tyskland er elles foredla og emballert fisk, noko som skjer i andre land, mellom anna i Polen.

– Tar vi omsyn til foredlinga i andre land, er Tyskland den viktigaste marknaden for sild og laks frå Noreg, seier Aandahl.

Den norske marknadsdelen for laks er i dag på 88 prosent og rundt 45 prosent for sild i Tyskland, ifølgje Sjømatrådet. Ein vekst på ti prosent i etterspørselen etter norsk laks i Tyskland, vil gi ein prisauke på norsk fersk laks på om lag 1,2 prosent, viser overslag som analyseselskapet Capia har gjort for Sjømatrådet.

Neste artikkel

Virke: Norge kan tape minst 48 milliarder ved å gå ut av EØS