Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Borkbille-kvinna held menn som sexslavar

Borkbilla vart funnen i Norge i 2018. Arten angrip fleire sortar lauvtre, og ny forsking viser at dei òg har eit utsvevande sexliv.

Borkbille i veden. Foto: Erling Fløistad/NIBIO
Borkbille i veden. Foto: Erling Fløistad/NIBIO

Forskar Torstein Kvamme ved Norsk institutt for bioøkonomi har forska på borkbiller, og har oppdaga eit noko pussig fenomen. Paringssystemet til billene viser at hoa lagar ei grotte der ho legg egga sine, som blir ein søskenflokk etter kvart.

– Paringssystemet har fleire fordelar, seier Kvamme.

Det er vanlegvis 50 ho-biller og nokre få hann-biller i desse flokkane. Hann-billa har ikkje venger, og må vere i grotta og befrukte ho-billene. Etterpå flyg hoene vekk, og hannane blir att i grotta, og dør.

– Ho-billene trenger ikkje skaffe seg hannar utanfor grotta, der det er farlegare. Spreiinga blir meir effektiv fordi det kan vere nok at éi befrukta ho-bille flyg vidare til ein ny plass. Det er grunnen til at borkbilla spreier seg raskt.

Kan gjere stor skade

Arten kjem opphavleg frå Asia og held til i austlege Russland, Japan og Kina. Det er ei ambrosiabille med namnet Xyleborinus attenuatus. I Europa vart arten først oppdaga i Tsjekkia, i 1987.

– Det er menneskeleg aktivitet som har ført billa hit. Ho kan ikkje gjere så stor skade at det blir skogsdød, men ho kan gjere stor skade på hogd ved. Den har tydeleg klart å spreie seg gjennom Europa ganske fort.

Torstein Kvamme i NIBIO. Foto: Lars Sandved Dalen/NIBIO
Torstein Kvamme i NIBIO. Foto: Lars Sandved Dalen/NIBIO

Det er i dag dokumentert 73 ulike borkbilleartar i Norge. Dei angrip ulike sortar lauvtre.

Annonse

Han seier sjølve billa ikkje kan valde dei største skadane i Norge, men at andre arter som kjem til Norge på grunn av menneskeleg aktivitet kan vere eit problem.

– Vi får heile tida med oss nye arter som ikkje er ønska her. Skadane importarter kan gjere på skogen har stor negativ påverknad for våre eigne arter, seier han.

Huset er trygt

Han seier billene ikkje gjer skade på noko anna enn nyhogge tømmer, og at treverk i husa våre er trygt.

– Dei lagar ikkje skade på hus, og dei borer seg ikkje inn i bygningstømmer. Vi bygger normalt ikkje hus av lauvtre, så den sida av billa er ikkje så problematisk.

Kvamme og kollegaane fann billene på ein industriplass i Lier kommune, og trur trestammane no har blitt tekne vidare til å bli ved. Han seier det mest sannsynleg ikkje er noko å få gjort med billene.

Slik ser tømmer ut etter borkbilla har slått seg til ro der. Foto: Erling Fløistad/NIBIO
Slik ser tømmer ut etter borkbilla har slått seg til ro der. Foto: Erling Fløistad/NIBIO

– Det er mest sannsynleg ikkje noko å gjere med dei, nei. Har dei først etablert seg, er dei vanskelege å bli kvitt. Dersom dei etablerer seg i tømmer kan det føre til økonomisk tap, sidan kvaliteten på tømmeret blir redusert.

Billa er òg funnen på austkysten i Sverige, og ser ut til å trivast nær kystlinjer, avsluttar han.

Neste artikkel

Kritisk til Coops nye samarbeid – frykter det vil presse ut norske produsenter