Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder i USA må kaste maten

Organisasjonen for mjølkebønder i USA reknar med at det blir dumpa om lag 14 millionar liter mjølk kvar dag. Det er ikkje meir kapasitet på lagera.

Amerikanske bønder må helle ut millionar av liter med mjølk kvar dag. Foto: Colourbox
Amerikanske bønder må helle ut millionar av liter med mjølk kvar dag. Foto: Colourbox

Mjølkebøndene er spesielt hardt ramma, skriv NRK. Bøndene i USA er van til stordrift og leverer ofte til skular og institusjonar, men no er desse stengde.

Starbucks hadde tidlegare ei bestilling på 51.000 liter frå eit meieri i Cleveland, men no er bestillinga nede i 17.000 liter kvar tredje dag.

Annonse

– Det er ikkje mangel på mat. Problemet er at maten er på ein stad, og etterspurnaden på ein annan, seier president Obamas tidlegare landbruksminister, Tom Vilsack til Politico.

Ein bonde i Idaho dumpa eit halvt tonn løk i grøfta, skriv The New York Times. Ein enkelt produsent av kyllingar og egg knuste 750.000 egg på ei veke.

Landbruksdepartementet vil bruke 2 milliardar på å kjøpe mat som skal gå til frivillige organisasjonar og hushald med låg inntekt. Eit slik oppkjøp vil òg vere til hjelp for bøndene.

Neste artikkel

Køen av vandrere over Besseggen?