Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bøndene vågar seg ikkje inn til byen fordi ferjekøen er for lang

På Helgeland i Nordland er ferjekøane så lange at bøndene fryktar dei ikkje når heim til kveldsfjøset om dei reiser inn til byen.

Illustrasjonsfoto: Bjarne Bekkeheien Aase.
Illustrasjonsfoto: Bjarne Bekkeheien Aase.

Ken-Richard Hansen er bonde, og bur i Vevelstad på Helgeland. Han tør ikkje å reise til bysenteret i Sandnessjøen i tilfelle han ikkje kjem seg heim att, skriv NRK.

– Det har vorte ekstremt med kø her. Dei endra rutene tidlegare i år, og så kom sommaren. Dei har ikkje auka kapasiteten, så vi som er fastbuande og driv næringsretta arbeid blir sist i køen, seier Hansen til Nationen.

Ken-Richard Hansen frå Velvelsland på Helgelandskysten vil ikkje ofre dyrevelferden for ein tur til byen. Han er redd ferjekøen gjer at han ikkje kjem seg heim tidsnok til kveldsfjøset. Foto: Privat
Ken-Richard Hansen frå Velvelsland på Helgelandskysten vil ikkje ofre dyrevelferden for ein tur til byen. Han er redd ferjekøen gjer at han ikkje kjem seg heim tidsnok til kveldsfjøset. Foto: Privat

– Det er særleg vanskeleg for oss som må vere heime att til eit bestemt tidspunkt. Vi kan ikkje reise, for vi risikerer å ikkje kome tilbake før dagen etterpå.

Han brukar normalt éin time og 15 minutt til Sandnessjøen. No står han i fare for å bruke over eit halvt døgn. Han vil ikkje risikere dyrevelferda for ein bytur.

– Og så seier Erna at vi må feriere i Norge, seier Hansen lattermildt, men oppgitt.

Ferjekøen frå Forvik til Tjøtta var 500 meter lang måndag denne veka.

Setter inn fleire ferjer

Eit ektepar frå Moss måtte vente 15 timar på å ta ferja.

– Når regjeringa oppmodar til noregsferie, må dei setje inn nok ferjer til å ta hand om alle turistane òg, seier dei til NRK.

Annonse

Fylkesråd for infrastruktur og samferdsel i Nordland, Bent-Joacim Bentzen, seier dei har sett inn ekstraferjer på fleire strekningar, men det er ikkje nok.

– Vi snur på alle steinar for å sjå kva vi kan gjere. Vi leiter over heile fylket etter tilgjengelege ferjer og mannskap, men vi har dei ferjene vi har.

Ordføraren i Vevelstad, Torild Haugann, seier det er positivt at mange vil besøke fylket, men at det òg har sine utfordringar.

– Det er positivt at mange turistar ønsker å besøke regionen, men så stoppar det opp på ferjekaia. Det er problematisk både for turistar, næringsaktørar og fastbuande som er avhengige av å reise med ferje, anten vi skal handle eller reise på jobb, seier ho.

Vurderer fortrinnsrett

Samferdselsråd Bentzen seier dei har prøvd ei ordning i Rødøy, der det er moglegheit for at dei fastbuande kan få fortrinnsrett på ferja.

– Vi har prøvd ei ordning på Rødøy, der vi ser på moglegheita for at nokon får fortrinnsrett på ferjene. Det er noko vi vil vurdere i Vevelstad òg, seier han.

– Eg forstår frustrasjonen til bonden, og vi ønsker å gjere noko med det.

Ordføraren i Vevelstad, Torhild Haugan, ønsker fortrinnsretten velkomen.

– Ferjene er heilt avgjerande for at vi skal kome oss til og frå, seier Haugan.

Neste artikkel

Eventyrlig juli-vekst for raftingselskapene under korona