Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bøndene fortel: Brurefølgje og pornoinnspeling i kornåkeren, telting på beitet og henting av mjølk rett frå tanken

Etter at sauebonde Marianne Dolpen gjekk hardt ut mot den vide tolkinga av allemannsretten, har ho fått fleire hundre meldingar med døme på overtramp på private eigedomar.

Kva er greit – og kva er mindre greit – å ta seg til for turistar og besøkande på private eigedomar og innmark?

– Eg er glad for tilliten folk viser meg ved å fortelje historiene sine, men trist over at dei som burde kjempa saka for dei ikkje stiller opp, seier sauebonde Marianne Dolpen til Nationen.

19. juli slo Dolpen eit slag for å ta ein gjennomgang av kva som står i friluftslova. Ho står bak ytringa «Fjols til fjells» på nrk.no, der ho mellom anna skreiv følgjande:

«Hva ville du sagt om fremmede folk tente bål på plenen din, eller gikk tur i hagen din? Kanskje kastet de også fra seg noen ølbokser, som hunden din spiste på – og som igjen førte til indre blødninger, med dødelige følger. Men først lekte de med bikkja di – ved å jage den rundt. Ikke at hunden syntes det var så morsomt. Den ble livredd og løp ut porten som de ikke hadde stengt etter seg. Og der kom jammen toget. Gikk det bra, tro?»

Sauebonde Marianne Dolpen frå Rennebu i Trøndelag tar eit oppgjer med turistar og besøkande som ikkje respekterer andres eigedom. Foto: Marianne Dolpen
Sauebonde Marianne Dolpen frå Rennebu i Trøndelag tar eit oppgjer med turistar og besøkande som ikkje respekterer andres eigedom. Foto: Marianne Dolpen

25 sider med forteljingar

Dolpen meiner at allemannsretten har gått til hovudet på folk. Ho møtte motstand frå høgrepolitikar og leiar for Utmarkskommunanes samanslutning Hanne Alstrup Velure. I motsvaret sitt «Furie til fjells» tar ho turistar og besøkande i forsvar:

«Det er mulig det gir selvtilfredsstillelse for en stakka stund å ta på seg offerrollen og å stemple alle som kommer fra annetsteds på besøk som uansvarlige, ignorante og komplette idioter. Alle utenbygds fjellfolk er fremstilt som imbesile fjols i naturen som ikke evner å ta vare på seg selv. Eg vet knapt om jeg skal le eller gråte når jeg leser, men ett er imidlertid sikkert: De fleste av oss fastboende i fjellet vet å sette pris på våre besøkjande.»

Friluftslova og allemannsretten

Allemannsretten er ein gamal, norsk sedvane som i realiteten er ein uskuldig nytterett. Den seier at ein har lov til å ferdast over annan manns grunn så lenge ein ikkje er til ulempe.

Friluftslova er ei nedfelt lov, der det mellom anna står at ein godtar ferdsel gjennom innmark for å kome til utmark.

Dolpen står på sitt, og fortel Nationen at ho har fått fleire hundre meldingar frå folk rundt i landet som gir eksempel på overtramp på eigedomane sine.

I eit dokument på 25 sider har Dolpen samla historiene ho har fått frå nær og fjern. Nokon av historiene er hennar eigne, mange er andre sine. Nationen har fått tilgang til historiene.

– Eg skreiv et innlegg i to Facebook-grupper, og fekk mange døme i form av kommentarar, meldingar og telefonar, fortel Dolpen.

Dei mange forteljingane har stort sett blitt klipt ut og limt inn i dokumentet utan å redigere dei. Nokre av dei har blitt skrive om for å anonymisere.

– Når det er til dømes er naboen eller ein tilsett på landbrukskontoret som gjer livet surt for deg, så kan det fort bli enda verre med offentleggjering, seier Dolpen.

#Komhit-kampanjen til Noregs bondelag oppmodar folk til å besøke landbruksområde i Noreg. – Me er glade for å ha gjester i utmarka, men ikkje dei som oppfører seg dårleg, seier juridisk sjef Erlend Stabell Daling i Bondelaget. Foto: Sel og Vågå bondelag
#Komhit-kampanjen til Noregs bondelag oppmodar folk til å besøke landbruksområde i Noreg. – Me er glade for å ha gjester i utmarka, men ikkje dei som oppfører seg dårleg, seier juridisk sjef Erlend Stabell Daling i Bondelaget. Foto: Sel og Vågå bondelag

Frå bryllaup til porno

Det ho sit att med er ei overveldande liste over hendingar ulike grunneigarar rundt i Noreg har opplevd.

Det som går mest att er turistar som brukar privat grunn til parkering, telting, bålfyring og henting av mjølk rett frå tanken. Fleire har også opplevd at folk tar for seg av vedstablane deira.

Mange har opplevd at folk har forsynt seg fritt av bær og frukt frå hagane deira. Nokon skriv om naboar som plukkar poteter i åkrane utan lov. Mange har opplevd å finne menneskeavføring rundt på gardsplassen, øydelagde rundballar, søppelkasting på beite og opphausing av dyr.

Ei av historiene går som følgjer:

«Ei jeg kjenner driver med potet og gulrot. En dag de tok opp potet kom en guttunge slentrende og spurte hva de drev med. «Vi tar opp poteter», svarte hun. «Det pleier mamma å gjøre her også», svarte gutten.»

Annonse

Ein annan har opplevd fotografering av brudepar og forlovarar i kornåkeren sin.

«De trødde rundt og hadde vondt for å forstå at dette var ugreit da jeg ba dem komme seg ut av åkeren. Lurte på om det ikke var greit at de gjorde seg ferdig.»

Frå bryllaup til noko litt anna:

«Eg innser at vi er utrolig heldige her vi bor! Her blir det meste respektert av innmark og privat eiendom. Men ei jeg kjenner i ei anna bygd kom over tre personar i kornåkeren sin som spilte inn pornofilm der.»

Etterlyser bondeorganisasjonane

Dolpen fortel at ho har fått mykje støtte frå enkeltpersonar i både by og bygd, og at fleire har sagt seg interesserte i å lære meir om korleis ein skal oppføre seg på tur.

Ein av dei er Hanan Abdelrahman, som sit i rådgivande gruppe i organisasjonen Norsk friluftsliv. Ho kom med eit motsvar til ytringa til Dolpen, med tittel «Postkorteffekten». No fortel Dolpen at dei to har starta ein dialog og bestemt seg for å samarbeide.

– Me har avtalt at ho skal kome hit på besøk, og ho vil gjerne lære meir om korleis ein skal oppføre seg når ein er på tur, seier Dolpen.

Når det gjeld støtte frå bondeorganisasjonane seier ho at ho ikkje har fått «så mykje som eit likarklikk frå dei som bønder og grunneigarar betalar medlemskontingent til».

– Det er merkeleg når ein sauebonde blir beden om å bruke landets største media som mikrofonstativ, i staden for at landbruket nyttar sjansen me har fått, for me får den kanskje aldri att, seier Dolpen.

Erlend Stabell Daling er juridisk sjef i Noregs bondelag. Foto: Noregs bondelag
Erlend Stabell Daling er juridisk sjef i Noregs bondelag. Foto: Noregs bondelag

Bondelaget: – Stadig fleire meldingar

Erlend Stabell Daling er juridisk sjef i Noregs bondelag. Han seier at dei har følgd debatten med stor interesse.

– Me forstår veldig godt kva Dolpen seier og det ho skriv samsvarar med signala me har fått frå medlemene våre, seier Daling.

Han fortel at det har kome eit stadig aukande tal meldingar frå bønder om nettopp denne typen saker dei siste åra.

– Me arbeider med saka kontinuerleg, ved å støtte medlemene våre i sakene dei står oppe i, seier Daling, og melder at Bondelaget er svært glade for at Dolpen har reist debatten.

– Velure seier at det er uheldig at det er spissformulert. Mi oppfatning er at det i denne saka er nødvendig å spissformulere seg for å reise ein viktig debatt det har vore utfordrande å få merksemd rundt. Slik eg ser det har Dolpen vore sakleg og berre omtalt sine opplevingar og dokumenterbare fakta.

Daling vil presisere at deira oppfatning er at dei fleste som nyttar seg av friluftslova oppfører seg godt, og at viss dei blir gjort merksame på at dei har gjort noko som er i strid med regelverket så rettar dei seg etter det.

– Dolpen har fått ei lang rekke meldingar frå folk som har hatt dårlege opplevingar. Kvifor skjer dette så ofte, trur du?

– Me ser at nordmenn har generelt kunna friluftsregelverket ganske godt, men at avstanden til landbruket har auka mykje frå førre generasjon. I tillegg har me aukande utfordringar med turistar frå andre land som heller ikkje kan reglane, seier Daling.

Han meiner òg at det for einskilde handlar om folkeskikk.

– Diverre er det nokon som gjer seg skuldige i å ha dårleg folkeskikk. Og så har mange lite kunnskap om dyr. Då oppstår det uheldige situasjonar. Bondelaget har vore opptatt av dette gjennom mange år, og har mellom anna lansert kuvettreglane i samarbeid med sytten friluftsorganisasjonar. Pant boksen-kampanjen er eit anna døme. Samstundes ønskjer me at folk skal sjå verdien av kulturlandskapet og matproduksjonen. Dette legg me mellom anna opp til gjennom sommarens kampanje #komhit, seier Daling, og legg til:

– Det folk som besøker landsbygdene må hugse er at når dei nyttar seg av friluftslova så er dei gjester på privat grunn. Det er visse ting ein har lov til, og så er det andre ting ein ikkje har lov til. Er ein i tvil så sjekkar ein. Me er glade for å ha gjester i utmarka, men ikkje at gjestene oppfører seg dårleg, avsluttar Daling.

Neste artikkel

Står uten veterinær på vakt tre av fire helger