Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bompengeparti i tolv kommunar og fire fylke

Lokal motstand mot bompengefinansierte bypakkar gir fleire val for veljarane fleire stader i landet. Folkeaksjonen Nei til mer bompenger stiller liste i fleire kommunar og fylke i valet til hausten.

Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til mer bompenger under ein aksjon på bybrua mellom Stavanger og Hundvåg. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix / NPK

Det er dei nasjonale, bompengefinansierte bypakkane som har gitt grobotn for etableringa av ei-saks-partiet.

Annonse

– Målet vårt er å kvitta oss med bompengar som finansieringsmetode, og heller finansiera vegane over statsbudsjett, om nødvendig med høgare skatt, seier partistiftar Frode Myrhol til Kommunal Rapport. Han er toppkandidat både i Stavanger og Rogaland.

Partiet er også imot at bompengar skal finansiera sykkelvegar og kollektivtransport.

Myrhol har gjort den lokale lista i Stavanger til eit nasjonalt parti, og partiet stiller liste i tolv kommunar og i fylkeskommunane Viken, Rogaland, Vestfold/Telemark og Vestland .

Neste artikkel

Ny rapport foreslår å fjerne bompenger, fergebilletter og bilavgifter