Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bollestad: – Målet burde vera mest mogleg norsk mat på oljeplattformene

– Kva vil statsråden gjera for å sikre at det serverast norsk kjøt til norsk sokkel i framtida? Hege Haukeland Liadal (Ap) stilte spørsmålet. No har Bollestad (KrF) svart.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) meiner at oljeplattformane burde ha som mål å servere mest mogleg norsk mat. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) meiner at oljeplattformane burde ha som mål å servere mest mogleg norsk mat. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det var den 3. mars at mat- og landbruksminister Olaug Bollestad fekk spørsmålet frå Liadal.

Ap-politikaren grunngav spørsmålet sitt med det følgjande:

– Det meste av kjøtet som blir ete i Nordsjøen eller offshore er importert. Dette er det mange som synest er eit stort paradoks. Det burde vore heilt naturleg å ete norskprodusert kjøt på norsk sokkel.

Nationen har tidlegare skrive om hovudtillitsvalt og kjøkensjef Trond Cato Fylling på Heidrun-plattforma til Equinor, som i januar i fjor sette i gong sitt arbeid for å syte for mest mogleg norsk mat til oljearbeidarane. Dette gav gode resultat innanfor Equinor, og enda med eit vedtak om meir norsk kjøt.

Hege Haukeland Liadal (Ap) stiller spørsmål om norsk mat på oljeplattformane. Foto: Lars Bilit Hagen
Hege Haukeland Liadal (Ap) stiller spørsmål om norsk mat på oljeplattformane. Foto: Lars Bilit Hagen

Mest mogleg norsk

No lurar altså Lidal på korleis dette ser ut framover i tid.

Annonse

Onsdag 11. mars svarte Bollestad på spørsmålet.

– Oljearbeidarane sin fagorganisasjon har reist spørsmålet om ikkje kjøtforbruket på sokkelen burde bli dekt av norsk produksjon framfor importert vare. Dei spør om kvifor kjøt blir importert frå andre verdsdelar, når norsk landbruk kan tilby trygge kvalitetsvarer produsert på ein miljø- og dyrevenleg måte. Eg meiner dei stiller eit høgst spørsmål i heilt rett tid, skriv Bollestad i sitt skriftlege svar.

Ho meiner spørsmålet fyrst og fremst går til oljebransjen.

– Det er ei særleg utfordring til oljebransjen. Det burde vera ei målsetting at mest mogleg av maten som blir servert på norsk sokkel burde kome frå norsk produksjon.

– Eg meiner såleis at landbruket og matindustrien no burde sette seg saman med oljebransjen og finne ei løysing til det beste for oljearbeidarane, norsk matproduksjon og miljøet.

Importvern og tollområde

Bollestad nemner også at importvernet for landbruksvarer er ein berebjelke i norsk landbrukspolitikk, og at det hjelper til med å sikre avsetninga av norske kjøtvarer på den innanlandske marknaden.

Det norske tollmorådet er avgrensa til det norske fastlandet med tilhøyrande territorialfarvatn. Grensa går tolv nautiske mil utanfor fastlandet, og det er berre innanfor dette området at importvarer kan påleggast toll.

– Norske plattformer og oljeinstallasjonar ligg i all hovudsak utanfor det norske tollområdet, og er dermed ikkje omfatta av norske tollsatsar. Operatørane på kontinentalsokkelen står dermed fritt til å hente matforsyningar til eige bruk utan å betale toll, og frå alle land. Etter den norske tollforskrifta kan også norske proviantørar levere importvarer tollfritt til petroleumsverksemda utanfor det norske tollområdet, skriv Bollestad.

Ho legg til at sokkelen i stor grad baserer forsyninga si av meierivarer og egg på norske produkt, medan ein stor del av kjøtvarene har hatt sitt opphav i andre land.

Neste artikkel

Laveste oljepris siden 2003