Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bollestad: - Har stor respekt for at bøndene ikkje kjenner seg att i tala

Tysdag var bondeinntekt og landbrukspolitikk tema under Debatten på NRK.

Frå venstre: Landbrukspolitisk talsperson i Ap Nils Kristen Sandtrøen, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, programleiar Fredrik Solvang, og landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Skjermdump: NRK
Frå venstre: Landbrukspolitisk talsperson i Ap Nils Kristen Sandtrøen, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, programleiar Fredrik Solvang, og landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Skjermdump: NRK

– Eg vil vite om norske politikarar vil ha norsk landbruk eller ikkje. Viss dei vil ha det er vi heilt avhengige av å rette opp i systemfeilen, seier Ola Berthling Lie-Husby til Nationen før debatten tysdag kveld.

Han siktar til tala som gir grunnlaget for utrekninga i jordbruksforhandlingane, som Bondeopprørarane meiner er feil. Han er ikkje nervøs for å stå «ansikt til ansikt» på koronavenleg vis med landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Vi er trygge på det vi driv med og vi kan å bruke kalkulatoren. Vi veit kva som er reelt. At stortingspolitikarar prøver å sno seg unna er ikkje noko nytt, og viss vi får fram dei reelle tala vil dei måtte gjere noko med lønsemda, elles kan vi ende opp med å legge ned alle gardsbruk, seier han.

– Storsamfunnet kan ikkje vente at bøndene jobbar på dugnad

Under debatten møtte landbruks- og matminister Olaug Bollestad mellom anna Hans Jørgen Boye, som er ein del av bondeopprøret.

– Eg har stor respekt for det som blir sagt og stor respekt for at bøndene ikkje kjenner seg att i tala, seier Bollestad og peiker på kor oppteken ho og KrF er og har vore av landbruket. Ho er framleis skuffa over at Bondelaget ikkje ville starte forhandlingane.

– Bøndene ventar avkasting på eigenkapitalen og investeringar som alle andre næringsdrivande, men vi kan ikkje heve prisen på varene fordi vi stangar i tolltaket, og vi kan ikkje ta ut pengar frå drifta på lik linje med andre sjølvstendig næringsdrivande, seier Boye.

– Storsamfunnet kan ikkje vente at vi produserer mat på dugnad, seier han.

Ola Berthling Lie-Husby på si side etterspør ein opptrappingsplan, og lurer på kvifor Bollestad ikkje har prioritert dette.

– De har festtalar om landbruket, medan vi driv dugnad på fleire millionar i eigenkapital utan avkasting. De har moglegheit til ei opptrapping og setje ein dato for når vi skal vere på lik linje med andre, kvifor gjer du ikkje det, spør han.

Annonse

Dette meiner Bollestad det skulle vere rom for dersom Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag hadde vald forhandling i staden for brot.

Høgre lenar mot Frp, Sp vil auke tilbodet med ein milliard

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier Sp vil legge ein milliard kroner på toppen av tilbodet frå staten.

– Det håper eg å få med både Ap og KrF på, eg er ikkje sær på det, seier han. I tillegg vil han auke prisane på det bøndene produserer.

Landbrukspolitisk talsperson i Ap, Nils Kristen Sandtrøen, seier dei vil gjere to viktige prioriteringar, men vil ikkje seie om han er med på forslaget til Vedum.

– Vi vil ha ein investeringspakke til alle som er pålagt endring i drifta, og sørge for ei rettferdig fordeling internt. Det er ei enorm skeivfordeling av pengar i dag. Vi vil målrette dei verkemidla vi har for å sikre arbeidsplassar i heile landet, seier Sandtrøen.

Landbrukspolitisk talsperson i Høgre, Guro Angell Gimse, seier at dei vil lene seg mot Frp i diskusjonen om tilbodet. Elles er både H og KrF opptekne av å verne om jordbruksforhandlingane som institusjon, og meiner Sp og Ap gjer institusjonen overflødig.

Frp var ikkje til stade under debatten.

Neste artikkel

Rask heving av inntekta kan gi bismak for bønder