Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bitte små bitar – store bekymringar

I Noreg er gummigranulat frå kunstgrasbanar ei betydeleg kjelde til mikroplast i havet. Innan året er omme, må banene bli mindre forureinande.

Det vert brukt gummigranulat på norske kunstgrasbanar. Dette er små kuler som lett kjem på avvege. Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det er mange tiår sidan plasten revolusjonerte industrien og forbrukarsamfunnet. Problemet med mikroplast, plastbitar som er mindre enn 5 millimeter, har vi derimot blitt klar over ganske nyleg.

Frå 1. januar 2019 må alle Noregs rundt 1.600 kunstgrasbanar ha oppsamlingsutstyr for gummigranulat, vedtok Stortinget 15. februar.

Gummigranulatet på banene er små gummikuler som gir betre grep og reduserer risikoen for skadar. Men mykje gummi kjem på avvege. Ifølgje Miljødirektoratet er gummigranulat kjelda til anslagsvis 1.500 tonn mikroplast i Noreg årleg, og rundt 70 av tonna hamnar i havet.

Silar i avløpskummane er blant tiltaka som kan hindre gummikulene å kome ut i naturen.

Plast tar opp miljøgifter

Gummigranulatet frå kunstgrasbanar er ein del av eit større problem.

– Kvar dag vert 22.000 tonn plast skylt ut i verdshava. Denne plasten forsvinn ikkje, seier leiar Silje Lundberg i Naturvernforbundet.

Fakta

Kva kan du gjere?

Køyr mindre bil. Reduser dekkslitasje ved å køyre «riktig» og ha dekk med riktig lufttrykk.

Reduser bruken av klede laga av plaststoff (fleece, polyester, akryl og fleire beslekta stoff). Vask dei sjeldnare, og sørg for at vaskemaskina har reint og godt filter.

Gummikuler som blir med heim frå kunstgrasbana, bør heller støvsugast enn å hamne i vaskemaskina. Sjekk gjerne rutinanei klubben for oppsamling av gummigranulat.

Ikkje skyll målarkostar i vasken. Samle opp målingsrestane når du skrapar, og lever som farleg avfall.

Viss du pussar båt, gjer det på godkjent vedlikehaldsplass som samlar opp og reinsar avrenninga.

Ikkje bruk kosmetikk eller måling med plaststoff.

Kjøp mindre eingongsplast, og sørg for at plastprodukt blir kassert på riktig vis.

Ikkje kast plast i naturen, og rydd gjerne plast viss du ser noko.

Kjelder: Miljøstatus og Naturvernforbundet

Plasten i havet vert delt inn i to hovudgrupper: Plast som allereie er mikroplast når han hamnar der, og plast som hamnar i havet og deretter vert slite ned til mikroplast. Plasten spreier seg med havstraumane og er funne på dei mest avsidesliggjande stader. Sjølv om det er mykje ein ikkje veit om konsekvensane på sikt, er det mange som delar Naturvernforbundets bekymring.

Kvar dag vert 22.000 tonn plast skylt ut i verdshava. Denne plasten forsvinn ikkje.

Silje Lundberg, leiar i Naturvernforbundet

– Overflata på mikroplasten tar opp miljøgifter som PCB og DDT frå havet. Sjødyr er ikkje i stand til å skilje mellom mat og mikroplast, og et derfor ukritisk mikroplast som føde. Det er funne miljøgifter i fuglevev, der kjelda til gifta er mikroplast, og det er funne plastfragment i innvolar og kroppsvev hos fisk og andre sjødyr som blir etne av menneske. Det vi fryktar, er at miljøgifter over tid vert akkumulert i næringskjeda og overførast frå art til art, med konsekvensar i siste instans for menneske, seier Lundberg.

Bildekk er største kjelde

Berre i Noreg vert det danna og slept ut rundt 10.000 tonn mikroplast på land årleg, ifølgje Miljøstatus.no, ein nettstad der Miljødirektoratet og andre offentlege miljøetatar bidrar. I tillegg kjem mikroplasten som vert danna av avfall som vert brote ned i havet. Anslaget er omtrentleg, og det kan i tillegg vere ukjente kjelder.

Slitasje av bildekk er den klart største kjelda til mikroplast i Noreg: anslagsvis 5.000 tonn årleg. Rundt halvparten av dette hamnar i havet. Frå måling hamnar over 1.000 tonn mikroplast i havet.

Strandrydding er eit viktig tiltak mot plast i havet. Her har plastemballasje skylt på land. Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix
Annonse

Årleg hamnar rundt 4 tonn mikroplast frå kosmetikk i havet, ifølgje ein rapport frå 2015. Mikroplast frå for eksempel skrubbekremar og tannkrem renn ut med vaskevatnet. Nokre produsentar har erstatta plastbitar med knuste olivensteinar, granulert sukker og salt, som også kan gi slipeeffekt, ifølgje Svanemerkets nettsider. Svanemerket har forbode mikroplast i hud- og hårprodukt sidan 2014.

Andre kjelder til mikroplast er slitasje av tekstilar, støv og altså gummikuler frå kunstgrasbanar.

Eit nyttig materiale

Plast er eit nyttig materiale som har vore ein føresetnad for viktige framskritt innan medisin og teknologi, har mikroplastforskar Amy Lusher i Norsk institutt for vassforsking (Niva) uttalt til Forskning.no.

– Den triste sanninga er at halvparten av all plast vi bruker, berre blir brukt éin gong. Dette gjeld særleg plast som er brukt til innpakning. Endå tristare er det at på verdsbasis blir berre rundt 5 prosent av plasten attvunnen etter bruk, sa Lusher.

I Noreg vert mykje av plasten attvunnen. Men kan vi risikere at også plasten vi kastar i søpla, endar som mikroplast i havet? Vi spør Lunde i Naturvernforbundet.

– Vi føreset at søppeldunken og kjeldesorteringsdunken er den tryggaste staden i Noreg å leggje plasten. Det kan vere litt utslepp av mikroplast frå avfallsanlegg, men der jobbar styresmaktene med innskjerpingar, så det kjem til å vere under kontroll, seier ho.

Plastkvalen engasjerte

Den såkalla plastkvalen som stranda og vart avliva på Sotra i januar 2017, engasjerte mange. Kvalen hadde magen full av plast – nærmare bestemt 40 plastposar, plastsekker og plastflak. Hendinga er rekna for å vere hovudgrunnen til at rekordmange nordmenn stilte opp for å rydde strender i fjor.

Strandrydderapporten 2017 viser at 49.000 nordmenn rydda 1.374 tonn marint avfall frå over 2.200 kilometer. 70 prosent av avfallet som vart rydda, var plast.

På stranda blir plasten utsett for sollys, vatn, vêr og vind. Dette set fart på prosessen som gjer større plastbitar til mikroplast, og strandrydding er eit viktig bidrag i kampen mot mikroplast i havet.

Det er ikkje uvanleg med mikroplast i tannkrem. Slike produkt får ikkje Svanemerket. Foto: Frank May / picture alliance

I år er Strandryddedagen laurdag 5. mai, og strandryddeveka går frå 30. april til 6. mai.

Strandrydding hjelper

– Ein rapport frå Eunomia frå 2016 estimerer at det gjennomsnittleg er heile 2 tonn marint avfall per kvadratkilometer kystlinje på verdsbasis. Denne rapporten stadfestar at regelmessig og kontinuerleg strandrydding er eit svært effektivt tiltak både for å fjerne avfall før det hamnar i havet, og for å plukke opp avfall før det vert ført tilbake ut på havet. Jo oftare det vert rydda, jo meir marint avfall vil bli fanga opp, seier Lunde.

Naturvernforbundet tar til orde for å forby den mest unødvendige og forsøplande eingongsplasten, slik fleire europeiske land har gjort. Lunde understrekar at eitt av dei viktigaste tiltaka mot meir plast i verdshava er å hindre nytt tilsig.

Neste artikkel

Norge faller fem plasser på miljørangering