Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biolog slår urskogsalarm

I boka «I Skogens dype stille ro» tek biolog og forfattar Mikkel Soya Bølstad lesaren med inn i ein skog som er så sjeldan at ikkje alle veit at han finst – den norske urskogen.

– Ein snakkar om å lide av naturmangel. Og eg blir nok litt småsjuk og deppa av å ikkje ha tid til å gå i skogen, seier biolog og forfattar Mikkel Soya Bølstad. Her står han i ein rest av naturskog nær der han bur. I boka «I Skogens dype stille ro – jakten på den norske urskogen» forklarer han kvifor den eldste skogen er så viktig å ta vare på. Foto: Beate Haugtrø / NPK
– Ein snakkar om å lide av naturmangel. Og eg blir nok litt småsjuk og deppa av å ikkje ha tid til å gå i skogen, seier biolog og forfattar Mikkel Soya Bølstad. Her står han i ein rest av naturskog nær der han bur. I boka «I Skogens dype stille ro – jakten på den norske urskogen» forklarer han kvifor den eldste skogen er så viktig å ta vare på. Foto: Beate Haugtrø / NPK

– Eg har absolutt kjent på økologisk sorg og blir skikkeleg deppa av å tenke på alle dei fantastiske artane som stille og roleg er i ferd med å døy ut. Eg visste ikkje kor gale det stod til før eg byrja å jobbe med boka, seier biolog og forfattar Mikkel Soya Bølstad. Han fortel at bokprosjektet har vore både fantastisk å jobbe med og ordentleg trist på same tid.

Bølstad er over gjennomsnittet glad i skogen og visste at han skulle bli biolog heilt frå han hadde kattugla utanfor vindauget om natta i barndommen. Han oppdaga tidleg at det var forskjell på skog. Han byrja å bevege seg vekk frå industriskogane der alle trea var like gamle og like høge, og oppsøkte skogar som fekk lov å passe seg sjølve.

– Der var det buldring av tiur og alskens hakkespettar og småfugl. Det var nærmast som å gå gjennom eit stort hus der lysningane skapte store rom med kvart sitt særpreg. Anten tjukke moseteppe som vaks langs bakken og oppover trea, eller lav som hang som girlandrar frå greinene.

Velta tre låg som ein slags møblement på skogsgolvet.

– Det var ein heilt annan skog enn dei monotone granplantasjane, seier Bølstad.

Ein stor del av dyra og plantane som står på FN si raudliste over trua artar, lever akkurat der, i skogane der trea får stå til dei døyr, får stå vidare etter at dei er daude og får ligge etter at dei har falle over ende av seg sjølve. Norsk urskog og naturskog.

– Alle artane vi enno ikkje har rukke å oppdage eigenskapane til, er eit skattkammer, seier Bølstad. Han minner om funn i naturen som har revolusjonert legevitskapen, og at halvparten av alle kommersielt brukte enzym stammar frå ulike soppartar.

Mikkel Soya Bølstad viser fram det som er igjen av nærskogen der han bur. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Mikkel Soya Bølstad viser fram det som er igjen av nærskogen der han bur. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Mange har ikkje opplevd naturleg skog

På dei mange skogsturane Bølstad har vore på, har han sett at noko har endra seg år for år. Han har sett meir plantasjeskog og at industriskogen er i ferd med å bli den nye normalen.

– Mange av dei som veks opp i dag har aldri sett ein ordentleg skog med tre i alle aldrar, små naturlege lysningar, døde og levande tre og rikt artsmangfald. Dei trur at gran- og furuplantasje er sånn skog ser ut. Det er litt trist.

Han ser òg ei utfordring med det.

– Da tenker ein at «det er jo så mykje skog i Noreg, det er jo ikkje noko problem med skogvern».

Og det er sant at vi har mykje skog i Noreg. Men under ein halv prosent av den norske skogen kan ifølge Bølstad seiast å vere urskog. Om lag 75 prosent av skogen er flatehogd og erstatta med industriskog.

Sjølv om styresmaktene kan vise til statistikk som viser at vi har meir skog og gammalskog enn før, så er naturskogen og mange av artane som lever i han, trua, meiner han.

Annonse
Mange artar er på ulike vis avhengige av døde tre. Til dømes forskjellige soppar, insekt, mosar, lav og fuglar. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Mange artar er på ulike vis avhengige av døde tre. Til dømes forskjellige soppar, insekt, mosar, lav og fuglar. Foto: Beate Haugtrø / NPK

«Som du ropar i skogen får du svar»

Bølstad forklarer at om du spør korleis det står til med skogen i Noreg, får du svar alt etter kven du spør. Han opplever at diskusjonen i media iblant er som om partane sit på to forskjellige planetar, fordi dei tar utgangspunkt i kvar sine periodar.

Medan skognæringa og Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) ofte brukar starten på 1900-talet, da mykje av skogen vår var glissen og uthogd, som samanlikningsgrunnlag når ein skal vurdere forholda i dag, tek biologane ofte utgangspunkt i korleis skogen såg ut før menneska byrja å endre han.

Og sjølv om trea etter Nibio sin definisjon er gamle når dei er omtrent 80–120 år, har ikkje desse trea same artsmangfald som dei trea som er mange hundre år. For om trea får vekse i fred, kan nokre av dei bli både 500, 700 og 1000 år gamle og huse heilt andre vekstar.

– Det er fint at det blir meir gammalskog. Men det eg ser er at det blir hogd i den aller eldste skogen. 30 prosent av skogen som var gammal i 1996, har blitt hogd over ein periode på 15 år. Så det går utruleg fort å hogge den aller eldste skogen vi har, seier Bølstad.

Bølstad finn ein død tømmerstokk i nærskogen. Død ved som får ligge i fred, kan huse mange vekstar og kryp. Men det er om dei ikkje allereie er forsvunne frå området etter tidlegare hogst. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Bølstad finn ein død tømmerstokk i nærskogen. Død ved som får ligge i fred, kan huse mange vekstar og kryp. Men det er om dei ikkje allereie er forsvunne frå området etter tidlegare hogst. Foto: Beate Haugtrø / NPK

– Må klare å gjere begge delar

I mai var beskjeden frå FNs naturpanel at over 2000 artar er utryddingstrua i Noreg, og hovudgrunnen er endra arealbruk. Regjeringa fekk beskjed om å jobbe meir med å sikre artsmangfaldet.

1122 av artane som står på Raudlista over trua artar i Noreg, er artar som lever i skogen og som står i fare for å døy ut om dei ikkje får betre levekår. Lav og mose og sopp og småkryp som edderkoppar og insekt, er blant desse.

Kva som skjer med co₂-rekneskapen når skogen blir hogd intensivt, blir òg diskutert. Trea er naturlege karbonlager, og kva som skjer med co₂-et når trea blir hogde, er eit felt ein ikkje har klare tal på.

– Internasjonalt peikar forskarar på at å auke hogst i dag vil akselerere klimaendringane. Det er mogleg karbonet er fanga igjen om 150–200 år, men da kan det vere for seint.

Bølstad presiserer at vi skal fortsette å drive skogdrift, og at det er ei viktig næring. Samtidig har han inntrykk av at styresmaktene har valt å lene seg på forsking som støttar fordelane med å drive intensivt skogbruk.

– Det er dumt å sette det opp mot kvarandre. Vi må kunne verne den eldste skogen utan at det skulle øydelegge for skognæringa, seier Bølstad.

(©NPK)

Neste artikkel

Om høvleri på strender og høyhus langs Mjøsa